Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Masseskyting av villsvin i Polen

For å hindre spreiing av afrikansk svinepest har den polske regjeringa vedteke at over 200.000 villsvin skal skytast i vekene framover.

Illuastrasjonsbilde av villsvin. Foto: Lennart Hansson

Jakta, som skal gå føre seg fram til slutten av februar, har som mål å utrydde nesten heile Polens villsvinpopulasjon, skriv ATL Lantbrukets Affärstidning. Sidan april i fjor har nærare 170.000 villsvin blitt skotne, men no skal altså ytterlegare 210.000 av dei 230.000 villsvina som er att bort.

Miljørørsla og eit hundretals forskarar har kravd at massejakta skal stoppast. 300.000 personar har skrive under på eit opprop mot regjeringa.

Jegerar er kritiske

Annonse

Villsvina konkurrerer med gnagarane om maten. Minkar populasjonen så radikalt som regjeringa føreslår, kan mengda av mus og rotter auke kraftig. Nokon meiner også at jakta risikerer å auke spreiinga av svinepest.

– Massakren av villsvin vil ikkje stoppe spreiinga av svinepest, han vil berre spreie viruset vestover i Polen, seier Mikolaj Golachowski til The Guardian, ifølgje ATL.

– Jakta kan også skade økosystemet.

Golachowski får medhald frå det polske jegerforbundet, skriv Dagens Nyheter.

– Nokon som er sjuke i hovudet har kome fram til at alle villsvin skal skytast, inkludert drektige hodyr og dei som allereie har ungar. Eg ber alle mine kollegaer om å ikkje delta i massakren, skriv ein jegerorganisasjon i et opent brev, ifølgje Dagens Nyheter.

Neste artikkel

Afrikansk svinepest sprer seg i Bulgaria – erklærer unntakstilstand