Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Marint ressurssenter jublar for millionar til forskingssenter

Måløy Marine Ressurssenter er strålande nøgde etter at fylkestinget i Sogn og Fjordane onsdag vedtok å løyva 15 millionar kroner til oppretting av eit marint forskingssenter i Måløy.

– Vi er svært nøgde og vil rosa fylkespolitikarane våre, skriv dagleg leiar Randi Humborstad for Måløy Vekst og dagleg leiar Roger Bergset for Stiftelsen Måløy Marine Ressurssenter i ei pressemelding.

– No kan vi gå i gang med å skapa eit marint forskingssenter i Sogn og Fjordane. Eit slikt senter vil skapa mange attraktive arbeidsplassar, eit meir variert arbeidsliv og eit levedyktig samfunn på kysten, heiter det vidare.

Det er næringslivet i Sogn og Fjordane som har teke initiativ til å skapa eit marint forskingssenter i Måløy. Næringslivet meiner forsking og utvikling er svært viktig for utviklinga av bedrifter og samfunn på kysten.

Annonse

Det blir peikt på at marine bedrifter i fylket brukar slike tenester i stort omfang, men at næringslivet i dag må kjøpa desse tenestene utanfor fylket.

– Det er eit sterkt ønske å kunna kjøpa denne typen tenester frå vår eigen region, heiter det.

Etter vedtaket i fylkestinget håpar initiativtakarane at kommunar og lokale bankar vil følgja opp med vidare støtte.

©NPK

Neste artikkel

Kronerulling for pelsdyrbøndene som går til sak