Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Marginal oppgang for laksefangstane i elvane

Det blei fiska 102.080 laks i norske elvar i år, går det fram av tal frå organisasjonen Norske Lakseelver.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Det er ein liten, men viktig oppgang frå den «rekorddårlege» fjorårssesongen, men ned ti prosent frå snittet for dei ti førre sesongane, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Statistikken er basert på fangstanslag i 56 elvar, som utgjer rundt 64 prosent av totalfangsten. Endelege tal kjem frå Statistisk sentralbyrå (SSB) i januar.

Annonse

– Sidan om lag 22.000 laks blei sett tilbake for å sikre nok gytefisk, endar vi opp med eit samla uttak på rundt 80.000 laks i elvane. Det vil seie éin fisk per sportsfiskar, fortel fagsjef Erik Sterud hos Norske Lakseelver, ifølgje IntraFish.no.

Organisasjonen skriv at det vanlegvis vert fiska omtrent like mykje fisk med not og garn i sjøen, av rundt 900 sjølaksefiskarar.

– I år har vi få signal frå sjølaksefisket, men ingen ting tyder på at det har vore ein god sesong i sjøen heller. Dermed kan det sjå ut som om vi endar med det lågaste totale fangsttalet for laks i moderne tid. Fasiten får vi 22. november, når tal frå sjølaksefisket vert publisert av SSB, forklarer Sterud.

Neste artikkel

Ny plan for villaks: Miljødirektoratet peker på lukkede oppdrettsanlegg og merking av oppdrettslaks