Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mange vil forske på mikroplast

Norske aktørar er med på 20 av 30 søknader som kom inn da JPI Oceans lyste ut midlar til forsking på mikroplast i marine omgivnader.

Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Til utlysinga av nesten 10 millionar euro kom det inn prosjektsøknader for 42 millionar euro før fristen gjekk ut 28. februar. Dei fleste søknadene tar for seg fleire av dei fire temaa som vart lyste ut, melder Forskingsrådet.

Identifisering, karakterisering og kvantifisering av dei viktigaste kjeldene til mikroplast, nye prøve- og analysemetodar, å overvake og kartlegge mikroplast i marine omgivnader og konsept for å avgrense tilførselen av plast til havet, er temaa som vart lyste ut.

Annonse

Utlysinga er eit samarbeid mellom tolv av JPI Oceans medlemsland. Noreg ved Forskingsrådet deltar i utlysinga med 1 million euro gjennom programmet Marinforsk.

JPI Oceans er ein mellomstatleg plattform, open for alle EU-medlemsstatar og assosierte land, som investerer i maritim forsking.

©NPK

Neste artikkel

Virke om dagligvarerapport: Uforståelig at frukt og grønt er utelatt