Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mange er negative til namna Vy, Equinor og Oslomet

Mange er negative til dei statlege føretaksnamna Vy, Equinor og Oslomet, viser ei spørjeundersøking Språkrådet har gjort.

Det er oppløftande at folk i så stor grad er einige i at råda våre bør lyttast til, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet. Foto: Hallvard Østrem / NPK

Tre av fem nordmenn meiner at offentlege verksemder i større grad bør lytte til Språkrådet når dei byter namn.

I undersøkinga seier 72 prosent av dei spurde at dei er negative til nye namnet på NSB, Vy. 53 prosent er negative til Equinor (Statoil), og 45 prosent stiller seg negative til Oslomet (Høgskolen i Oslo). Berre 7, 14 og 9 prosent seier dei er positive til dei nye namna.

Så mange som 60 prosent meiner offentlege verksemder i større grad bør lytte til råda frå Språkrådet i samband med namneendringar. Berre 14 prosent er ueinige i dette.

Annonse

Den støtta er direktør Åse Wetås i Språkrådet glad for.

– Vi får av og til kritikk for å vere gammaldagse, men desse tala viser at vi har brei støtte i befolkninga. Det gir oss tru på at råda våre vil få større gjennomslag i framtidige namneprosessar, seier Wetås, som understrekar at Språkrådet ikkje ønskjer seg ein omkamp om dei tre namna.

– Det er oppløftande at folk i så stor grad er einige i at råda våre bør lyttast til, seier språkdirektøren.

I retningslinjene for fastsetjing av namn på statsorgan heiter det at Språkrådet bør konsulterast tidleg i arbeidet, men Språkrådet seier dei ofte blir kontakta seint i prosessen, og at somme ikkje tar kontakt i det heile. I retningslinjene står det òg at namna skal vere til lette å kjenne att og sjølvforklarande, og at dei skal følgje norsk rettskriving. Språkrådet har likevel ingen vetorett i namnesaker.

Neste artikkel

Geir Isaksen går av som sjef i Vy