Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mandelmjølk farleg for USAs biepopulasjon

Mandelmjølk har blitt veldig populært dei siste åra. Det er ikkje nødvendigvis så gode nyheiter for honningbier. Foto: Mostphotos og Paul Kleiven / NTB scanpix
Mandelmjølk har blitt veldig populært dei siste åra. Det er ikkje nødvendigvis så gode nyheiter for honningbier. Foto: Mostphotos og Paul Kleiven / NTB scanpix

– Det er som å sende biene i krig, seier forskar.

Det finst ein drøss av plantebaserte alternativ til kumjølk på marknaden. Ein har havremjølk, soyamjølk og rismjølk. Og så har ein mandelmjølk. Den populære plantebaserte mjølkeerstatninga er – ikkje overraskande – laga av mandlar. I USA har bruken av mandelmjølk auka med 250 (!) prosent i løpet av dei siste fem åra, skriv The Cut.

Men visste du at bier er heilt essensielle for å få USAs gigantiske mandelindustri til å gå rundt?

Visste du at milliardar av dei dør årleg i prosessen, då?

The Guardian har intervjua birøktar Dennis Arp i Arizona. Han har drive med honningbier i tettstaden Rye attmed Arizona State Route 87 i fleire tiår.

Sommaren 2019 følte han seg optimistisk, fortel han den britiske avisa. Noko som ikkje er så vanleg for birøktarar i desse dagar.

Våren var rekordvåt, noko som gjorde at dei fleire hundre bikubane han har spreidd ut over Arizona-ørkenen produserte honning i store mengder. Ikkje berre betydde det at Arp ville ha meir enn nok honning å selje i butikkar, det kanskje aller viktigaste aspektet ved det heile var at den uvanlege store innhaustinga av honning gjorde biene sterke og klare for den store oppgåva dei skulle vidare inn i atter ein gong: Mandelproduksjon.

Som dei fleste kommersielle birøktarar i USA, tener Arp minst halvparten av pengane sine på å bruke biene sine til å pollinere frukthagane der mandlar skal gro. Å selje honning er langt mindre lukrativt enn å leige ut koloniane sine til gigant-gardar i Central Valley i California, der 80 prosent av verdas mandlar blir produserte.

Dei blir færre og færre fordi vårt menneskelege forhold til dei har blitt så destruktivt.

Birøktar Patrick Pynes

50 milliardar døydde

Då vinteren nærma seg i fjor haust begynte biene hans å bli sjuke. Innan oktober hadde starta stod 150 av bikubane hans tomme. Han mistar om lag 30 prosent av biene sine kvart år.

– I hagen min står det stabel på stabel med boksar som tidlegare inneheldt sunne bikubar, seier Arp.

Historia til Arp er ikkje unik. Kommersielle birøktarar som sender kubane sine til mandelgardane i California blir vitne til at biene deira døyr i hopetal. Ingenting dei gjer ser ut til å stoppe det.

Ei nyleg undersøking blant kommersielle birøktarar viste at 50 milliardar bier, altså meir enn sju gonger den menneskelege befolkning, døydde i løpet av eit par månadar vinteren 2018/2019. Det er meir enn ein tredel av USAs kommersielle biekoloniar, og det høgaste talet sidan den årlege undersøkinga starta midt på 2000-talet.

Annonse

Mange birøktarar gav plantevernmiddel, parasittar og habitatøydelegging skulda for dei høge dødstala blant bier. Men, miljøforkjemparar og økologiske birøktarar held fast ved at den eigentlege grunnen er USAs lit til industrielle landbruksmetodar – særleg dei i mandelindustrien – som gjer mekanisering i stor skala ut av ein av naturens skjøraste prosessar.

Dei siste fem åra har bruken av mandelmjølk auka med 250 prosent i USA. Foto: Mostphotos
Dei siste fem åra har bruken av mandelmjølk auka med 250 prosent i USA. Foto: Mostphotos

Trist industri

Advokatar som spesialiserer seg på miljø meiner at den kommersielle bruken av europeiske honningbier på mandelgardar undergrev økosystemet for alle bier. Honningbiene utkonkurrerer mangfaldet av urbiene, og truar utryddingstrua bieartar som frå før av strevar med å overleve klimaendringar.

Dei meiner den beste måten å endre dette på er å reformere storskala-landbruk i USA.

Honningbier likar seg aller best i eit område med biologisk mangfald. På mandelgardane i California blir dei plasserte i ein monokultur der bøndene ventar at dei produserer akkurat like store mengder år etter år.

Kommersielle honningbier blir sett på som husdyr av det amerikanske landbruksdepartementet på grunn av den vitale rolla dei spelar i matproduksjon. Men, ingen annan art av husdyr er i nærleiken av å bli sendt til den type svidd jord biene må jobbe på.

Fleire bier døyr kvart år i USA enn det blir fiska fisk og sendt dyr til slakt – samanlagt.

– Dei høge dødstala gjer det til ein veldig trist industri for birøktarane. Det er som å sende biene i krig. Mange kjem ikkje tilbake, seier seniorforskar Nate Donley ved Senter for biologisk mangfald i Arizona.

Blir vekte frå dvale

Mandelpollinering er ekstra krevjande for biene fordi dei må vekkast frå den årlege vinterdvalen sin ein eller to månadar tidlegare enn dei vanlegvis skulle gjort. Når dei så kjem til California og set i gang er dei samla på så små område at det lettare blir spreidd sjukdommar blant dei.

– Biene i mandellundane blir utnytta. Dei blir ikkje behandla med respekt. Dei blir færre og færre fordi vårt menneskelege forhold til dei har blitt så destruktivt, seier den økologiske birøktaren Patrick Pynes, som også underviser i miljøfaglege studiar ved Northern Arizona University.

Det har blitt lansert fleire kampanjar og program for å prøve å gjera pollineringsprosessen litt enklare for biene i USA. Den frivillige organisasjonen «Bee Better», til dømes, får med seg mandelbønder på å auke det biologiske mangfaldet på gardane sine, mellom anna ved å plante villblomar, sennepsplantar og kløver mellom radane med mandeltre.

Uansett har mandelproduksjon stor innverknad på miljøet. Dei er nemleg ein særskilt tørst art, som treng ein gallon (3,7 liter) vatn for å produsere éin einaste mandel. Det er mykje i ein stat som stadig slit med tørke.

Neste artikkel

Hagelupiner, vår nye nasjonalblomst?