Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mållaget ber Melby få igjennom språkdelt ungdomsskole

Mållaget ønsker Guri Melby velkommen som kunnskapsminister og har tru på at ho får gjennomført ein god språkpolitikk i skolen.

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn. Foto: Noregs Mållag
Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn. Foto: Noregs Mållag

Med Guri Melby som statsråd frå Venstre, ventar Noregs Mållag offensive tiltak for nynorsken.

– Ho får to viktige dokument på sitt bord. Det er innføringa av ny læreplan og høyring om ny opplæringslov, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Kulturdepartementet skal etter planen legge fram ei språkmelding og framlegg til ny språklov for Stortinget i vår.

– Venstres kulturpolitikk dei seinare åra har vist vilje til tiltak for å hegne om nynorsken som det minst brukte språket. No vonar vi på slike grep også i skolepolitikken, seier Aasbrenn.

Annonse

Han meiner at det første Melby må få igjennom i budsjettdrøftingane for 2021-budsjettet, er oppstart av språkdelt ungdomsskole.

I 2016 bad eit samla Storting regjeringa greie ut ei endring i opplæringslova som vil sikre nynorskelevane rett til opplæring på eige språk ut ungdomsskolen gjennom å få gå i eiga klasse. Tiltaket vart ikkje ein del av 2020-budsjettet.

Mållaget meiner at med Melby som statsråd, er tida inne for å få gjennomført språkdelt ungdomsskole, og peikar på at ho både er nordisk filolog og skrivelærar.

Dei ber òg om at departementet sikrar at tekstbehandlingsprogram og retteprogram ligg føre på både bokmål og nynorsk i skolen.

Aasbrenn meiner også at Melby må hindre at nynorskelevar tar det han meiner er eit taktisk byte frå nynorsk til bokmål som hovudmål, med å innføre eit ekstrapoeng til dei som har nynorsk som hovudmål.

(©NPK)

Neste artikkel

Mot borgerlig budsjettenighet – Frp kaller inn organer