Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Malariamygg påvist i Trøndelag

Malariamyggen har vorte er ein del av norsk fauna, og no er han for første gong påvist i Trøndelag. Tidlegare er arten registrert både i Finnmark og Østfold.

Dette er myggarten vi er vande til å sjå i Noreg. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Malariamyggen vart funnen på Tautra, ei øy i Trondheimsfjorden, og det er første gong den potensielt smitteberande myggen er registrert i Trøndelag, melder NRK. Tidlegare er arten påvist både i Pasvik i Finnmark og i Østfold.

Malaria er utbreidd over store delar av den tropiske verda, men Afrika står for dei fleste tilfella. I 2016 var det 216 millionar menneske som fekk sjukdommen på verdsbasis. Men sjølv om malariamyggen er oppdaga i Trøndelag, er det ifølgje forskarane ingen fare for lokalbefolkninga.

Annonse

– Malariamyggen er i utgangspunktet ikkje smittefarleg, seier biolog Sondre Dahle ved Norsk institutt for naturforsking til NTB.

Malaria blir forårsaka av ein parasitt i Plasmodium-slekta, og myggane blir kalla malariamygg enten dei har parasitten i seg eller ikkje, seier Dahle. Parasitten blir rekna som forsvunnen frå Noreg og det er lite som tyder på at han etablerer seg igjen med det første.

Avdelingsdirektør Preben Ottesen i Folkehelseinstituttet seier helsestyresmaktene følgjer med på nye typar mygg som kjem til Noreg.

– Viss ein stoler på FNs klimapanel og dei utrekningane som er gjort, må vi sjå at desse myggane vil få fotfeste i Noreg. Fremst av desse er ein art som heiter asiatisk tigermygg. Han har komme heilt opp til Sør-Tyskland, seier han.

Neste artikkel

Vurderer endringer i loven om bålforbud på grunn av klimaendringene