Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lykka kan ha snudd for klimaløysingane i landbruket

Under eit webinar arrangert av Nibio og Norges Bondelag vart det diskutert korleis landbruket kan bli ein del av løysinga på klimautfordringane verda står ovanfor: – Mange gode signal, seier generalsekretær i Bondelaget.

Generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Norges Bondelag. Foto: Bondelaget
Generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Norges Bondelag. Foto: Bondelaget

Fredag gjekk startskotet for Norges Bondelag sitt arbeid med å sette klimaplanen ut i live. Norsk institutt for bioøkonomi og Norges Bondelag nytta høvet til å halde webinar og debatt. Noko av bakgrunnen for denne debatten, er at landbruket ikkje er rekna inn i klimaplanen til regjeringa.

– Det som gjer at dei ikkje satsar på våre klimatiltak, er fordi dei ikkje hadde dei med i rekneskapen. Dei er ikkje ein del av strategien for å nå målet til klimaplanen i 2030. For at vi skal kunne satse på klimaløysingar, så må det bli rekna med, seier Sigrid Hjørnegård, generalsekretær i Norges Bondelag til Nationen.

– Eg synest det var positive signal frå fleire parti når det gjeld vilje til å gi støtte til gode klimatiltak i landbruket, seier ho.

Senterpartiet møtte ikkje

Det var presentasjonar frå Norges Bondelag, Nibio, Sintef og Geno, som alle forslag til korleis landbruket kan bli meir klimasmart.

Etter presentasjonane var det klart for debatt og panelsamtale med dei frammøtte politikarane. Panelet bestod av Espen Barth Eide (Ap), Jon Georg Dale (Frp), Liv Kari Eskeland (H), Tore Storehaug (KrF), Harald Moskvil (MDG) og Lars Haltbrekken (SV). Senterpartiet var ikkje til stades under debatten.

– For min del skulle eg gjerne ha vore der, men det var Ole André Myhrvold som eigentleg skulle representere oss der. Då datoen vart flytta, melde han at han ikkje hadde moglegheit, og eg trur ikkje nokon andre har blitt spurt, seier landbrukspolitisk talsperson i Sp, Geir Pollestad.

Landbrukspolitisk talsperson i Senterpartiet, Geir Pollestad, seier han gjerne skulle representert partiet under klimadebatten. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Landbrukspolitisk talsperson i Senterpartiet, Geir Pollestad, seier han gjerne skulle representert partiet under klimadebatten. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Eg skulle gjerne ha vore der for å utfordre dei andre partia på mellom anna klimafondet, kjøttkutt og flytting av arbeidsplassar til utlandet. At vi ikkje var til stade er ikkje ei politisk markering, seier han.

Mange vil auke støtta til landbruket

Elisabeth Sæther frå Norges Bondelag spurte representantane om dei trur det vil kome nye og gode klimaløysingar i landbruket fram mot 2030. Alle av dei frammøtte svarte ja.

Liv Kari Eskeland frå Høgre meiner landbruket jobbar bra med klimaløysingane.

– Denne planen er jo de sjølve initiativtakarar til, og eg har inntrykk av at norske bønder er veldig innovative. Det kjem til å vere kvantesprang i landbruket dei neste ti åra, seier ho.

Ho trekk fram karbonlagring og reduksjon av matsvinn som særleg viktig.

Vil ikkje auke støtta utan vidare

Tore Storehaug frå KrF meiner det er behov for eit spekter av løysingar. Han har trua på eit samarbeid mellom næring og styresmakter, men er tilbakehalden med å auke støtta til innovasjon og omlegging i landbruket.

Annonse

– Eg vil ikkje automatisk auke subsidiane, men jordbruksoppgjeret har spelt på lag med dei andre målsettingane, med å ta i bruk heile landet og legge til rette der teigane er meir spreidd, seier Storehaug.

Tidlegare landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) meiner staten må bidra, men at mange politikarar trur at den norske kua er grunnen til globale klimaproblem.

– Det ber preg av at dei ikkje forstår biologiske samanhengar. Vi kan redusere dei globale klimagassutsleppa ved å auke norsk kjøttproduksjon. Viss Norge hadde hatt større konkurransekraft til å produsere meir kjøtt, er det bra for klimaet, seier han.

Jon Georg Dale seier Frp ikkje vil stille seg bak klimaplanen dersom redusert matproduksjon skal vere ein del av han. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Jon Georg Dale seier Frp ikkje vil stille seg bak klimaplanen dersom redusert matproduksjon skal vere ein del av han. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Frp blir ikkje samde med regjeringa dersom redusert matproduksjon blir verande i klimaplanen, seier han.

– Det menneskeskapte klimagassutsleppet er ikkje kyrne sin feil.

Arbeidarpartiet og Framstegspartiet er samde

Espen Barth Eide (Ap) er òg samd i at ein auke i matproduksjonen kan vere godt for klimaet, og meiner bonden har vore forut si tid når det kjem til berekraft.

– Det finst enormt potensial for å auke sjølvforsyningsgraden og eksportproduksjon, og at det skal vere berekraftig inneber òg mindre import, seier han.

Han peiker òg på at å produsere meir med mindre karbonutslepp og mindre ressursøydelegging gjeld for annan industri så vel som landbruket, og at ein kan la seg inspirere av at landbruket har tatt tak i dette sjølv.

– Bonden fann på sirkulærøkonomi lenge før nokon andre tenkte på det. Å etterlate garden i betre stand til neste generasjon har vore eit mål lenge. Vi må ha nokre sterke og ambisiøse mål, men også konkrete planar for korleis vi kjem dit.

MDG vil auke kornproduksjonen

Harald Moskvil er landbrukspolitisk talsperson i MDG, og er sjølv kornbonde. Han nyttar sin eigen kornproduksjon til å fange karbon, og meiner det er gode moglegheiter for å redusere utsleppet her.

– Eg har tru på at det kan gjerast mykje, men ikkje tru på at det skjer når regjeringa legg lite pengar på bordet. Alle pengane går til oljenæringa samtidig som dei legg fram ei klimamelding utan pengar. Belastinga blir for stor for landbruket aleine, sjølv om vilja er der, seier han.

Harald Moskvil, landbrukspolitisk talsperson for Miljøpartiet De Grønne, vil ha meir areal til kornproduksjon og mindre areal til kjøttproduksjon. Foto: Kari Nygard Tvilde
Harald Moskvil, landbrukspolitisk talsperson for Miljøpartiet De Grønne, vil ha meir areal til kornproduksjon og mindre areal til kjøttproduksjon. Foto: Kari Nygard Tvilde

Lars Haltbrekken (SV) meiner det må meir støtte til landbruket, og er usamd med regjeringa i at klimameldinga ikkje skal ha konsekvensar for overføringane til landbruket.

– Dei let milliardane sitte laust viss dei ønsker. Ein kan sørge for at det blir gitt støtte til landbruket, moglegheitene her er store, seier han.

Neste artikkel

Ny undersøking viser at fleire bønder er einsame