Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lite radioaktivitet i lokalprodusert mat

Nye testar frå Mattilsynet gav svært få funn av radioaktivitet over grenseverdien i lokalproduserte matvarer. Sidan Tsjernobyl-ulykka i 1986 har ein følgd med på det radioaktive nivået i nedfallsområde.

Mattilsynets overvakingsprogram har vist at det no er lite spor av radioaktivitet i lokalprodusert mat, sjølv frå områda som fekk mest nedfall etter Tsjernobyl-ulykka. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK
Mattilsynets overvakingsprogram har vist at det no er lite spor av radioaktivitet i lokalprodusert mat, sjølv frå områda som fekk mest nedfall etter Tsjernobyl-ulykka. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

I perioden 2016–2018 har Mattilsynet analysert 2.169 prøver av matvarer. Største delen av prøvene er tatt av frå dei områda som vart mest råka av Tsjernobyl-ulykka. Prøvene viser at helserisiko er veldig låg ved å ete lokalprodusert mat, uansett kor den kjem frå i landet.

– Resultata frå Mattilsynets overvakingsprogram viser at nivåa av radioaktivt cesium i lokalmat jamt over er låge, sjølv om det vart lagd vekt på å ta ut prøver frå belasta område, kor vi kan forvente høgare nivå av radioaktivitet, seier seniorrådgivar Torild Agnalt Østmo i Mattilsynet, i ei pressemelding.

Annonse

Prøvene har vorte tatt frå lokalbaserte mjølkeprodukt, ferskvassfisk, honning, grønsaker, bær, syltetøy og aller flest prøver er tatt av sau og tamrein som har beita i nedfallsområde.

Etter Tsjernobyl-ulykka fall mykje radioaktiv nedfall over Noreg. Høgfjellsområda midt i Noreg vart hardast råka. Radioaktivt cesium (137Cs) har vore den største utfordringa på grunn av halveringstida på 30 år.

(©NPK)

Neste artikkel

Rotevatn: – Vi ønsker ikkje at nokon skal legge ned på grunn av rovdyr