Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lange ambulanseavstandar vekkjer uro

Fleire av kommunane i indre Hordaland fortvilar over at det tek lengre og lengre tid for ambulansane å nå fram på akutte oppdrag. Fleire ordførarar meiner Stortinget no må reagera.

Ordførarane i Ulvik og Voss meiner Stortinget bør lovfesta responstida til ambulansane. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix / NPK

Fleire av kommunane i indre Hordaland fortvilar over at det tek lengre og lengre tid for ambulansane å nå fram på akutte oppdrag. Fleire ordførarar meiner Stortinget no må reagera.

– Stortinget må lovfesta ei maksimal responstid på 25 minutt og ikkje berre ha dette talet som ei tilråding, seier ordførar Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) i Ulvik til avisa Hordaland.

Han har i fleire år arbeidd med saka og fortvilar over at ambulansen har blitt flytta lengre og lengre unna. Tal avisa har henta inn frå statistikkane til Helsedirektoratet viser at ambulansane i 2017 i snitt brukte 54 minutt å koma fram til pasientar i Ulvik frå det blei ringt inn til AMK-sentralen. Det er dobbel så lang tid som den nasjonale tilrådinga.

Annonse

– Dette er dramatiske tal for innbyggjarane i Ulvik og er svært urovekkjande. Det har med tryggleiken til innbyggjarane å gjera, seier ordføraren.

Den lange reisetida til ambulansane har mellom anna ført til at det lokale brannvesenet i Ulvik har måtta rykkja ut på fleire helseoppdrag. Kommunen også kjøpt inn og delt ut fleire hjartestartarar.

Også fleire av nabokommunane til Ulvik slit med lang responstid for ambulansane. I Granvin er til dømes denne tida 50 minutt, i Eidfjord er responstida 47 minutt, medan responstida på Voss i snitt er 37 minutt.

Ordførar i Voss Hans-Erik Ringkjøb deler uroa til kollegaen sin i Ulvik og stør forslaget om å lovfesta responstida for ambulansane. Han meiner det er viktig for busetnaden i distrikta.

Neste artikkel

Traktorforhandlar: – Me ser framleis investeringsvilje, men mjølkebøndene nøler