Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Landbruksdirektoratet fjernar tollen på sau i tre veker

Det er ikkje nok norsk sau til å dekke etterspurnaden. Tollen blir fjerna frå 18. mai til 7. juni.

Tollsatsen på lammekjøt blir redusert frå 24,15 kr til 0 kroner for å dekke etterspurnaden. Foto: Jon-Fredrik Bækgaard Klausen
Tollsatsen på lammekjøt blir redusert frå 24,15 kr til 0 kroner for å dekke etterspurnaden. Foto: Jon-Fredrik Bækgaard Klausen

Det er første gong Landbruksdirektoratet reduserer tollsatsen for sau. Reguleringslageret for sau har vore tomt sidan februar 2020, og reguleringslageret for lam vart tomt i februar i år. Før dette var det eit "utfordrande overskot" av sauekjøt, skriv direktoratet på nettsidene sine.

– Vi meiner det er naudsynt å setje ned tollen for å legge til rette for import som supplement til norsk produksjon, seier seniorrådgivar Anders Hellestveit i Landbruksdirektoratet.

No blir tollsatsen for redusert frå 24,15 kroner per kilo til 0 kroner frå 18. mai til 7. juni, og gjeld for heile og halve ferske skrottar av sau.

– Vurderinga om å setje ned tollsatsen er basert på norske og utanlandske prisar. Det er naudsynt av omsyn til forbrukarar og næringsmiddelindustri, samtidig som det ikkje er venta å gå ut over avsetjingsgrunnlaget for norsk produksjon.

Tidlegare import av sau eller lam har vorte gjort under importkvotar, men marknadssituasjonen i dag gjer kvotene mindre aktuelle, skriv direktoratet.

– Om vurderinga vår ikkje endrar seg etter dei tre første vekene, vil vi i starten av juni utvide importperioden med tre nye veker, seier Hellestveit.

Annonse

Nortura spår underskot på sauekjøt i 2021

Nortura ventar omtrent uendra tilførslar av lam i år målt mot i fjor og ved utgangen av året reknar Nortura med å ha 1400 tonn på reguleringslager.

«For å holde balanse i markedet for sau og lam er det imidlertid ikke rom for økt bestand og produksjon i årene framover», skriv Nortura i prognosen.

Direktoratet skriv i tillegg at dei følger med på importsituasjonen og vil unngå at det bidreg til eit overskot som kan få negative følger for norsk slakting til hausten.

Landbruksdirektoratet følgjer nøye med på importsituasjonen, spesielt med tanke på å unngå at dette skal bidra til importskapt overskot som kan få negative følgjer for norsk slakting til hausten.

– Om vurderinga vår ikkje endrar seg etter dei tre første vekene, vil me i starten av juni utvida importperioden med tre nye veker, seier Hellestveit.

Neste artikkel

Rask heving av inntekta kan gi bismak for bønder