Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nytt konsept opnar for kortreist mat på nett

Mylnå i Volda vil verte det første hentepunktet for kortreist mat bestilt på nett.

Illustrasjonsfoto: Havard Zeiner
Illustrasjonsfoto: Havard Zeiner

Eit nytt konsept kalla Bazeat gir folk moglegheit til å handle og hente kortreist mat, skriv Møre-Nytt. Det er ei nettside der ein kan bestille matvarer direkte frå produsenten og hente varene hjå Mylnå i Volda.

Annonse

– Konseptet Bazeat kan bety noko for busetnaden på bygdene og dei som har dyrka jord. Og så er jo det fint at dei lokale produsentane ikkje treng å produsere store mengder for å vere med, seier Elias Moe, som står bak ideen saman med Janne Moe og Thomas Moe.

Bazeat sin intensjon er å tilfredsstille kundane sitt ønske om eit større utval av matvarer og betre informasjon om korleis maten vert dyrka fram og produsert.

(©NPK)

Neste artikkel

Norad og Meteorologisk institutt skal sørge for gratis værvarsel i Afrika