Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lakseoppdrettsanlegg selt for 790 millionar

Selskapet Mowi, som driv med lakseoppdrett, har kjøpt K. Strømmen Lakseoppdrett i Bremanger for 790 millionar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Avisa iLaks skriv fredag at Mowi har kjøpt K. Strømmen Lakseoppdrett i Bremanger for 790 millionar. Handelen vil bli gjort med 30 prosent i aksjar i Mowi og 70 prosent i kontantar.

– Det potensielle oppkjøpet styrker vår posisjon i eit område som allereie er kjernen til Mowi i region Midt, og støttar vår langsiktige strategi om å vere ein verdsleiande og integrert produsent av sjømatprotein, skriv Mowi i børsmeldinga.

Annonse

Selskapa ventar no på godkjenning frå Konkurransetilsynet før transaksjonar kan bli gjort.

K. Strømmen Lakseoppdrett har fire matfiskkonsesjonar og driftar på fire plassar: Marøyna, Løypingneset, Endal og Grunneneset. Dei produserer 5.500 tonn laks i året.

(©NPK)

Neste artikkel

To blad Borten Moe slakter Elvestuens seter-sprell