Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Laksedød kan gi prisauke

Algeoppblomstringa i Nord-Noreg kan føre til at prisen på laks blir høgare.

Oppblomstring av algen Chrysochromulina leadbeateri har ført til laksedød i Nordland og Troms. Her frå anlegget Northern Lights Salmon der to millionar laks er døde. Totalt 4000 tonn. Foto: Elisabeth Balteskard / NTB scanpix / NPK

Kolbjørn Giskeødegård er sjømatanalytikar i Nordea og meiner prisen på laks kan bli høgare etter algeangrepet, ifølgje E24.

– Det er tragisk for oppdrettarane det gjeld, men for marknaden totalt sett, bidreg det til ein total marknadsbalanse i andre halvår og ein høgare pris i marknaden enn ein elles ville fått, seier han.

Annonse

Han trur det vil ramme mellom 30.000 og 40.000 tonn i framtidig produksjon, og anslår det vil gi ein auke på ei krone per kilo i 2019.

Han påpeikar at dette er ei tragedie for dei selskapa som er ramma, men at det alltid vil vere taparar og vinnarar.

– I dette tilfelle vil det vere selskapa som er ramma som er taparane, og selskapa som går utan tap og kan nyte godt av høgare prisar, som blir vinnarar.

Neste artikkel

Traktorforhandlar: – Me ser framleis investeringsvilje, men mjølkebøndene nøler