Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lakefrysing skal gi betre frosenfisk

Møreforsking skal dei neste to åra teste ut kvalitetsgevinstane ved å fryse ned torsk, hyse og sei i underkjølt saltlake, ein gammal, men «gløymd» metode.

Forskarar skal finne ut om saltlakefrysing av torsk og anna kvitfisk kan gi betre kvalitet på frosenfisken. Illustrasjonsfoto: NTB scanpix / NPK
Forskarar skal finne ut om saltlakefrysing av torsk og anna kvitfisk kan gi betre kvalitet på frosenfisken. Illustrasjonsfoto: NTB scanpix / NPK

Lakefrysing har vore lite brukt i Noreg, men var i bruk før dei industrielle metodane tok over, mellom anna til nedfrysing av sild. I dag blir kvitfisken fryst ned i vertikalfrysar, horisontalfrysar eller frysetunnel.

Etter at forsøk med lakefrysing av makrell har vist seg å gi gode resultat, vil forskarane no prøve ut metoden på kvitfisk, fortel forskingsleiar Margareth Kjerstad i Møreforsking i ein artikkel i Fiskeribladets forskingsmagasin Tekfisk.

Ein av gevinstane ved lakefrysing skal vere at ein unngår at fisken krummar seg, og at han dermed lettare eignar seg til filetering og foredling etter at han er tint. Andre gevinstar er raskare og jamnare innfrysing og tining, lågare energiforbruk og mindre mekanisk belastning på fisken. Væskesleppet frå fisken under tininga ser òg ut til å bli mindre.

Annonse

Eit anna mål i prosjektet er å kartleggje kva som eventuelt kan hindre sjømatnæringa i å ta metoden i bruk, slik som redusert lastekapasitet til havs og investeringskostnader.

Med seg i prosjektet har Møreforsking næringsaktørane Tekno Therm Marine AS, Havfisk AS, Primex Norway AS, Myre fiskemottak AS og ABS AS. Finansieringa står Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF) for.

(©NPK)

Neste artikkel

EUs budsjettsamtaler står i stampe