Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lågaste norske klimagassutslepp sidan 1995

Utsleppet av CO2 i Noreg var i fjor på 52 millionar tonn. Det er ein nedgang på 0,9 prosent frå året før. Utsleppet er det lågaste sidan 1995.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Nedgangen svarer til ein reduksjon på 450.000 tonn CO2-ekvivalentar ifølgje tal frå SSB.

Det største bidraget til nedgangen i 2018 ligg i andre kjelder som inkluderer bruk av HFK-gassar. Utslepp av desse gassane hadde ein samla reduksjon i fjor på 143 tonn HFK, tilsvarande 540.000 tonn CO2-ekvivalentar.

Dei samla utsleppa for fjoråret er nedjusterte frå tala som vart publiserte i juni i år.

Vegtrafikkutslepp auka

Sjølv om dei samla tala viser ein nedgang frå 2017 til 2018, auka utsleppet i nokre sektorar.

Utslepp frå vegtrafikk auka med 2,8 prosent. Det kjem av ein betydeleg reduksjon i delen biodrivstoff i drivstoffblandinga dette året.

Annonse

I same periode auka òg utslepp frå traktorar, anleggsmaskiner og anna motorreiskap med 9,3 prosent som følgje av auka bruk av anleggsdiesel. Tilsvarande var det òg ein auke innan innanriks sjøfart og fiske på 3 prosent på grunn av auka bruk av marine gassoljer.

Dei to største utsleppskjeldene, olje- og gassutvinning og industri og bergverk, hadde ein reduksjon på høvesvis 1 og 0,5 prosent i fjor. Lågare olje- og gassproduksjon og nedgang for enkelte industriområde (jern, stål og ferrolegeringar, oljeraffineri og sementindustri) førte til dette.

Lågaste sidan 1995

Klimagassutsleppa i 2018 var 1,1 prosent høgare enn i 1990, men 8,7 prosent lågare enn i toppåret 2007.

Fjorårets utslepp er dei lågaste sidan 1995 og er på eit lågare nivå enn før finanskrisa i 2009. Auken frå 1990 til 2018 kjem først og fremst av utslepp frå olje- og gassutvinning som har hatt ein oppgang på 73 prosent.

Også vegtrafikk har auka kraftig i perioden og i fjor var utsleppa 26 prosent høgare enn i 1990. Industri har hatt ein utsleppsreduksjon på 39 prosent frå 1990 til 2018.

Neste artikkel

Nytt stoff kan redusere metanutslepp frå kyr