Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lågaste donasjonsstal på ti år

Organdonasjonstala per tredje kvartal er dei lågaste på ti år, viser statistikk frå Oslo universitetssjukehus.

Illustrasjonsfoto: NTB scanpix

Det er transplantert 319 organ til 290 pasientar ved utgangen av september 2018. På same tid i fjor var det blitt transplantert 395 organ til 355 pasientar. Spesielt har omfanget av nyretransplantasjonar gått ned, ifølgje ei pressemelding frå Stiftelsen Organdonasjon.

Annonse

Ifølgje kvartalstala har sjukehusa også meldt inn færre potensielle donorar – 224 – enn per same kvartal i fjor, då talet var 251. Ein potensiell donor er ein intensivpasient som med stort sannsyn vil døy innan kort tid, og der moglegheitene for organdonasjon blir undersøkt.

Samtidig kjem det fram at viljen i befolkninga til å donere held seg på eit stabilt, høgt nivå. I fleire enn tre av fire tilfelle – 77 prosent – der donasjon er mogleg, svarte dei pårørande ja.

– Det er mange faktorar som påverkar donasjonsratene. Vi meiner at det må leggjast ned meir ressursar i å skape medvit om organdonasjon, både overfor befolkninga og helsepersonell, seier informasjonssjef Aleksander Sekowski i Stiftelsen Organdonasjon i ei pressemelding.

Neste artikkel

Vil gjere det enklare for bønder som slit å få hjelp