Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

La om frå sau til ammekyr og fekk eit betre bondeliv

I delar av landet gjer rovdyr sauehald vanskeleg. Per Ivar Laumann frå Tysfjord la om frå sau til ammekyr.

Eit betre liv: Per Ivar Laumann frå Tysfjord i Nordland har erstatta 130–140 sau med 46 ammekyr. Kalvane ammekyrne føder blir brukt i kjøtproduksjon. Foto: Privat

Denne artikkelen er en del av Nationens samarbeid med nettavisen Forskning.no, som eies av 83 opplysnings-, utdannings- og forskningsinstitusjoner. Saken er skrevet av Kjersti Kildahl, som er kommunikasjonsrådgiver i Nibio.

– Eg har ikkje angra ein dag!

Kommentaren kom spontant frå Per Ivar Laumann da han vart spurt om korleis det er å drive med ammeku, ikkje lenger sau. Han avvikla sauehaldet for ti år sidan og erstatta 130–140 sau med 21 ammekyr – som han da hadde fjøs til.

Driftsoverskot

I eksempelet med omlegging frå 200 sau til 18 ammekyr for eit bruk i Nord-Noreg, vil det kalkulerte driftsoverskotet bli 291.000 kroner. Da er alternativ bruk av 500 arbeidstimar rekna inn som ekstra inntekt – til ein timepris på 266 kroner. For sauebrukaren ville overskotet vere 324.000 kroner.

For eit tilsvarande bruk på Austlandet vil det kalkulerte driftsoverskotet bli 258.000 kroner for ammeku mot 232 000 kroner i sauebruket.

Det er reine økonomiske utrekningar som ligg til grunn for denne artikkelen. Spørsmål om korleis ulike beitedyr påverkar miljøet er ikkje undersøkt eller inkludert.

Laumann held til i Tysfjord i Nordland, eit område med både jerv og gaupe. Han fortel om eit vanskelegare liv før han la om til kjøtfeproduksjon.

Betre livskvalitet

– Du veit jo aldri kva som møter deg. Kjem dyra utmagra heim etter å ha mista mor si? Eller kjem mora heim utan lam? Nokre gonger med jurbetennelse og smerter. Det var ikkje godt, seier han.

Han fortel at kjøtfeproduksjonen har gitt han betre livskvalitet – og betre tid. No driv han steinknuseverk ved sida og har fått betre økonomi enn for ti år sidan.

Les også: Lamming med blanda kjensler

I 2015 investerte han i ny driftsbygning for 4,5 millionar kroner. I dag har han 46 ammekyr av rasen Aberdeen Angus og skryt uhemma av dei:

– Finst ikkje betre kulturpleiarar enn slikt storfe, hevdar han. Dei kjem seg opp og fram og ned. Og dei et nesten alt, mykje meir enn sauen. Han vil helst berre ha det fine graset, medan ammekua tar for seg av småbjørk, kratt og brennesle – alt går ned.

Best mogleg kjøtkvalitet

Laumann meiner det er meir naturleg for ein sauebonde å begynne med ammeku enn det er for ein mjølkebonde.

– Sauebonden og ammekubonden tenker likt, seier han, om drift og fôring og prioriteringar. Mjølkekubonden vil vektleggje størst mogleg mjølkeproduksjon. Sauebonden og ammekubonden vil begge ha blikket festa på dyra for best mogleg kjøtkvalitet.

Les Småbrukarlagets Merete Furuberg om flytting av teljedato: - Regjeringa køyrer opp volumet slik at prisane stupar

Det er likevel ein ting til Laumann gjerne vil poengtera når så mykje positivt er sagt:

– Om ein vurderer omlegging frå sau til ammeku, må ein og ta omsyn til auka arealbehov. Ved endra produksjonsform vil det bli behov for meir grovfôr og areal for å kunne dekke opp same årsverksinntekt, seier han og legg til:

– Dette er og ei oppgåve for forvaltninga å ta omsyn til dersom omlegging til ammeku skal vurderast som eit mogleg verkemiddel i rovdyrpolitikken.

Sjølv har han løyst arealbehovet stort sett gjennom nydyrking av eige og leigd areal.

Les også leiar i Nationen: Marknadsordningar under press

Kan slå ulikt ut

Å endre produksjonen frå sau til ku kan lønne seg, om dei rette føresetnadene er på plass.

Les også: Vil bli heiltidsbønder, men kommunen skur igjen vannkrana

Ole Kristian Stornes, driftsøkonom ved Nibio, vektleggjer at føresetnader om alternativt arbeid ikkje automatisk vil la seg gjere i praksis, slik som i Laumanns tilfelle.

«Sauebonden og ammekubonden tenker likt.»

Annonse

– Det kjem an på moglegheitene i lokalsamfunnet og kvalifikasjonane til brukaren, seier han. Også timeprisen ein oppnår vil sjølvsagt variere. Han kan vere både høgare og lågare enn gjennomsnittet.

Dessutan vil individuelle forskjellar mellom bønder og gardsbruk spele inn på resultatet for den enkelte. Kalkylane er baserte på gjennomsnittstal og gir ein peikepinn om utfallet for heile grupper. Det kan slå ulikt ut på individnivå.

– Utrekningar som dette kan likevel vere viktige i ein diskusjon om eventuelt å betre tilrettelegginga for omlegging i enkelte område, seier Stornes.

Det er ikkje berre økonomien som spelar inn her, men han er ein viktig føresetnad for å kunne vurdere alternative næringsvegar der spørsmålet er aktuelt. Menneskeleg belastning og dyrevelferd er andre sider av det store biletet.

Les også: Treng 35 kyr for at mjølkerobot skal svare seg

Beiteressursar

Stornes er ein av bidragsytarane til ein Nibio-rapport kor dei mellom anna drøfta alternativ bruk av beiteressursane.

Stornes fortel at da dei rekna på dette i 2016, gav ammekuproduksjon i alle scenario svakare økonomisk resultatet enn sau, og for dei minste besetningane vart det underskot.

Men det siste året har prisen på lammekjøt gått ned og for storfe gått opp. Dermed er vesentlege føresetnader for inntektsgrunnlaget i kalkylane endra. Stornes har oppdatert kalkylane og resultata er ikkje like eintydige.

Driftsøkonomen forklarer korleis omlegging frå sau til ku no kan lønne seg:

Økt kilopris på storfekjøt

– Basert på marknadsutviklinga det siste året kan vi justere opp gjennomsnittsprisen på storfe med seks kroner kiloen, til 58, og lammeprisen ned frå 50 til 46. Når vi kalkulerer med dette som utgangspunkt, blir forskjellane i utrekna driftsoverskot mindre enn i 2016, naturleg nok.

– Framleis er det bedriftsøkonomisk mest lønsamt å halde fram med sau, men forskjellane er mindre. Om ein og ser til tala for tidsbruk i dei to produksjonane, endrar biletet seg meir i favør av ammekuproduksjon, seier han.

Tek mindre tid

Basert på data frå driftsgranskingane veit ein noko om gjennomsnittleg tidsbruk i sauehald kontra ammeku. I eit sauebruk med 200 dyr vil brukarfamilien legge inn 1900 eigne arbeidstimar i tillegg til innleigd tid på 600 timar.

Fôrgrunnlaget for å halde 200 sau er utrekna til å gi nok fôr til 17–18 ammekyr. Ifølgje driftsgranskingsdata vil ammekubonden som har ein besetning på denne storleiken bruke gjennomsnittleg 1400 arbeidstimar i året, med tillegg av 400 timar innleigd tid.

Den frigitte tida i dette tilfellet er 500 timar årleg. Om ein legg til grunn at denne tida blir brukt til alternativt inntektsgivande arbeid, viser kalkylane større overskot for kjøtfe enn sau som følgje av tilleggsinntekta.

Det er lagt til grunn ein timepris på 266 kroner timen for gjennomsnittleg månadsløn, som er avleitt av tal frå Statistisk sentralbyrå, sist oppdatert i februar 2017. Alle menn og kvinner i ulike sektorar med i utrekninga.

For ein sauebonde med 200 sau i Nord-Noreg vil driftsoverskotet ved omlegging til ammeku pluss ekstra inntekt da nærme seg same overskot som for sauehald. For ein austlandsbonde vil slik omlegging med tillegg av anna lønsarbeid gi høgare overskot enn sauehald.

For dei mindre bruka er det mindre frigitt tid og tala er meir usikre. Om ein legg økonomien aleine til grunn, vil det for mindre besetningar vere lite aktuelt å leggje om frå sau til ammeku.

Ulike rammeføresetnader i Nord-Noreg og på Austlandet er grunnen til at dei økonomiske scenariane er delt i to geografiske område.

Neste artikkel

400 hunder drept av ulv - jakthunder mest utsatt