Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kystfiskarlag etterlyser fleire krabbefiskarar

Sjølv om Oslofjorden skal vere ganske tom for fisk, er han visstnok full av krabber. Kystfiskarlaget går no ut og etterlyser fleire krabbefiskarar.

Norsk krabbeprodusent skal satse på danske krabbar. Foto: Kari Hamre / NPK
Norsk krabbeprodusent skal satse på danske krabbar. Foto: Kari Hamre / NPK

Det meste av krabbenæringa ligg på Vestlandet og på Møre, noko som har gjort at bestanden på Sør-Austlandet har vorte veldig stor. No står foredlingsbedriftene på Vestlandet klare til å ta imot krabber frå aust, dei manglar berre fiskarar, skriv NRK.

– For to år sidan fekk vi den første krabba frå Hvaler-området, og nokre frå Horten. Det syntest vi såg lovande ut, og i dag hentar vi krabber i Kragerø, Langesund og Sandefjord, seier utviklingssjef Kolbjørn Ulvan i HitraMat til NRK.

Annonse

Leiar i Sørøst-Norge kystfiskarlag, Reiulf Halvorsen, seier at dei treng fleire krabbefiskarar.

– Bestanden er kjempegod. Den er veldig, veldig høg her på Austlandet for den er nesten ikkje utnytta i det heile tatt. Her kan du kome i gang med ein forholdsvis billig båt og kan faktisk klare å dra ut omtrent ei halv årslønn om du er flink til å fiske, forklarer Halvorsen til NRK.

Han meiner òg at krabbefiske er ein god veg inn i fiskaryrket.

– Det er ikkje veldig vanskeleg å fiske krabbe, berre ein er hakket lurare enn krabba, så er mykje gjort, og det er vel dei fleste av oss.

Neste artikkel

Virusutbruddet i Kina rammer norsk sjømateksport