Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvifor legg haren egg?

Skikken med at påskeharen leverer godteriegg, har fått fotfeste i Noreg. Men kvifor er det haren og ikkje høna som legg egga?

EGGJAKT: I Noreg har det vorte tradisjon for mange barn å leite etter godteriegg som haren har gøymt. Men kvifor det er haren og ikkje høna som har fått denne jobben, er framleis eit mysterium. FOTO: Shutterstock
EGGJAKT: I Noreg har det vorte tradisjon for mange barn å leite etter godteriegg som haren har gøymt. Men kvifor det er haren og ikkje høna som har fått denne jobben, er framleis eit mysterium. FOTO: Shutterstock

– Det verkar som skikken med at påskeharen kjem med egg som barna skal leite etter, har vorte vanleg i Noreg, seier historikar og professor emeritus ved NTNU, Audun Dybdahl.

Sjølv er han fødd i 1944 og voks opp utan å kjenne til den gåvmilde haren.

– Då eg var barn, var det ikkje aktuelt med noka eggleiting. Eg trur ikkje vi visste kva påskeharen var ein gong. Vi hadde heller ikkje påskeegg til barna våre då dei var små, påpeikar han.

For barnebarna hans har likevel jakta på egg vorte ein påsketradisjon.

– Vi har eit gammalt småbruk som vi ofte er på i påska, og der er det mange stader å gøyme egga.

Tysk tradisjon

Akkurat når og korleis påskeharen vart ein påskeversjon av julenissen, er ifølgje Dybdahl vanskeleg å seie. Men første gongen skikken er nemnd, er i eit verk frå 1682.

– Då publiserte tyskaren Georg Franck von Franckenau ei avhandling på latin med namnet «De ovis paschalibus», altså «Om påskeegg». Der står det at påskeharen legg egg som han gøymer i gras og kratt i hagen, medan dei vaksne morar seg over barna som leitar etter egga, forklarer Dybdahl.

EGGRULLING: Kvart år inviterer den amerikanske presidenten og påskeharen til «Easter Egg Roll». Her får barna trille sjokoladeegg på graset utanfor Det kvite hus. FOTO: Leah Millis / NTB scanpix
EGGRULLING: Kvart år inviterer den amerikanske presidenten og påskeharen til «Easter Egg Roll». Her får barna trille sjokoladeegg på graset utanfor Det kvite hus. FOTO: Leah Millis / NTB scanpix

Ifølgje han bidrog leiketøys- og godteriindustrien til at skikken frå rundt 1850 byrja å spreie seg ved at dei laga harar som påskesymbol. Påskeharen vart etter kvart òg vanleg som motiv på postkort.

Annonse

Fruktbarheitssymbol

Kommersielle krefter kan altså ha gjort sitt til at skikken spreidde seg. Men det forklarer likevel ikkje kvifor det er haren og ikkje høna som legg egga. Igjen har Dybdahl ikkje noko sikkert svar, men han ramsar opp fleire grunnar til at haren kan ha vorte teken inn i varmen som påskesymbol.

– Dei gode forplantningsevnene til haren har gjort han til eit symbol for fruktbarheit. Egg er òg eit kjent symbol på fruktbarheit, påpeikar han.

To kjende symbol for fruktbarheit kan altså ha vorte blanda saman til éin tradisjon.

– Haren har dessutan vore eit populært motiv i kyrkjekunsten. Mellom anna førte ei førestilling om at haren kunne reprodusere seg utan å miste jomfrudommen, til at jomfru Maria av og til har vorte avbilda saman med harar, fortel han.

Eit ofte brukt motiv er òg tre harar med felles øyre, eit symbol på treeininga.

BOGNANDE: Pappegg fylt til randa av smågodt er ein påsketradisjon mange kan like. FOTO: Erlend Aas / NTB scanpix
BOGNANDE: Pappegg fylt til randa av smågodt er ein påsketradisjon mange kan like. FOTO: Erlend Aas / NTB scanpix

Konkurrerer i eggrulling

Uansett opphav har tradisjonen med harar og påskeegg sett seg, ikkje berre i Noreg, men også mellom anna i USA og andre land i Europa.

I Storbritannia har folk i fleire hundre år rulla dekorerte egg ned grasbakkane i påska og konkurrert om kven som kjem lengst utan å knuse skalet. Denne tradisjonen lever vidare i USA, der presidenten kvart år sidan 1878 har invitert til «The White House Easter Egg Roll».

Her blir barna inviterte til å rulle sjokoladeegg på graset utanfor Det kvite huset. Presidenten overvakar sjølvsagt evenementet – saman med påskeharen sjølv.

Auka sjokoladesal

Salstala til sjokoladeprodusentane tyder på at påskeharen kanskje får litt hjelp til å fylle egga med påskegodt. Ifølgje Nidar kjøper nordmenn 23 millionar av påskefigurane deira i marsipan og sjokolade til påske. Også Kvikk Lunsj er ein påskevinnar med 20 millionar selde einingar i påska, noko som utgjer rundt halvparten av årsproduksjonen.

Somme vel òg å fylle påskeegget og magen med sunnare saker: Ifølgje ei pressemelding frå Bama frå påska i fjor et nordmenn 16 millionar appelsinar og 19 millionar klementinar i påskedagane. Klementinen har med andre ord vorte meir populær enn den tradisjonelle påskeklassikaren appelsin.

Neste artikkel

Påskeunderhaldning: Alt på eitt brett