Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Kven skal vera bønder om tjue år viss rammevilkåra skal endre seg for kvar nye trend?

Professor Olav Reksen ved NMBU tar til orde for ein langsiktig og kunnskapsbasert landbrukspolitikk.

Professor og leiar for Institutt for produksjonsdyrmedisin Olav Reksen ved NMBU ønskjer ein langsiktig landbrukspolitikk. Foto: Gisle Bjørneby
Professor og leiar for Institutt for produksjonsdyrmedisin Olav Reksen ved NMBU ønskjer ein langsiktig landbrukspolitikk. Foto: Gisle Bjørneby

– Eg har vore dyrlege i tretti år, og har vore ein del av miljøet som har vore opptekne av å senke antibiotikabruken i landbruket. Eg har sett utviklinga frå mindre profesjonelle til meir profesjonelle bruk. Eg meiner at dyrehelse og dyrevelferd på norske mjølkebruk har blitt veldig god. Me har ein lite forureinande mjølke- og kjøtproduksjon. Når eg ser korleis enkelte av dei som tar avgjerder her til lands behandlar kunnskapsbasert informasjon, som då dei for nokre år sidan innførte avgiftsstøtte for dieselbil og så fire år seinare fann ut at den same bilen er så forureinande at den ikkje kan køyrast i Oslo, så blir eg skeptisk til populismen som rår rundt matproduksjonen vår, seier professor og leiar for Institutt for produksjonsdyrmedisin Olav Reksen ved NMBU.

– Eg er uroa for at dei som bestemmer ikkje har nok kunnskapsbasert informasjon eller at dei er så opptekne av symbolpolitikk at dei øydelegg norsk husdyrproduksjon, legg han til.

Fredag 14. februar blei ein kronikk skriven av Reksen delt mykje rundt på verdsveven. Det var Aftenposten som fyrst publiserte innlegget.

Innlegget har tittelen «Vi risikerer å ødelegge en husdyrproduksjon norske bønder har jobbet hardt for å optimalisere», og tar for seg eit ønskje om ein ny landbrukspolitikk basert på kunnskap og langsiktigheit.

Søndag fortel Reksen til Nationen at han er uroa for dei som tek avgjerder på Noregs vegne og evnen dei har til å ta til seg og bearbeide informasjonen som finst der ute.

– I tillegg er eg veldig bekymra for påvirkarane sin innflytelse på dei same beslutningstakarane. Eg trur ikkje dei forstår kva som har blitt bygt opp i Noreg dei siste femti åra når det gjeld husdyr, avl og berekraft. Dei som høyrer på desse diskusjonane har ikkje sjans til å forstå kompleksiteten. Me har ei stor informasjonsutfordring når det gjeld å få alt me veit og kan fram, seier Reksen.

Urealistiske mål

Annonse

Han meiner det «manglar ei heilskapeleg forståing for kompleksiteten i norsk landbrukspolitikk».

– Ein ting er den kunnskapsbaserte informasjonen som ligg der og er tilgjengeleg i dag, som FNs klimapanel kan ta utgangspunkt i og som har vore bakgrunn for Klimakur-rapporten, det er kurant informasjon. Problemet er at den skal anvendast i eit system der ein er uroa for kjøtproduksjonen og reiser til EFTA-landa og forhandlar fram ein ny avtale som resulterer i at kjøtdisken er full av kjøt frå Sør-Amerika.

Ei anna uro Reksen kjenner på gjeld mål i landbruksmeldingane, mål han meiner ikkje er realistiske.

– Du har til dømes målsettinga om å auke norsk matproduksjon med tjue prosent. Me greier ikkje det ved berre å gjera mjølkebøndene meir profesjonelle og større. Me må også ha ein landbrukspolitikk som ivaretek dei små areala som går ut av drift. Viss me no skal ta ut soya som proteinkjelde og me skal auke med nasjonale proteinkjelder, så vil me bruke mykje av areala våre til å dyrke proteinrike vekster. Det er heilt umogleg for ein nordmann å fatte kva som skjer. Det er bakgrunnen for at eg skreiv denne kronikken, seier Reksen.

Kan ikkje følgje trendar

«Klimakur 2030 utgjør et bra kunnskapsgrunnlag, og jeg er ikke bekymret for at nordmenn skal spise mindre kjøtt. Jeg er imidlertid engstelig for at påvirkere og politikere med kortsiktig horisont vil referere enkelte deler av rapporten og ødelegge en husdyrproduksjon som vi har jobbet hardt for å optimalisere i folke- og dyrehelsens tjeneste», skriv Reksen i kronikken sin.

– Viss kjøtproduksjonen skal ned må prisen opp. Då må det bli like dyrt å ete kjøt som det var då eg var gutunge på syttitalet. Og viss prisen skal opp må det kome produsentane til gode. Det kan berre skje ved at ein set opp tollen og prisen, seier han til Nationen.

Reksen meiner trendar ikkje må spele inn i utforminga av ein god landbrukspolitikk. Han nemner trendar som slanking med Fedon Lindberg og veganisme.

– Når du bygger opp noko i femtiårsperspektiv slik norske bønder har gjort så er det ikkje trender og symbolpolitikk som kan vera gjeldande. Kven skal vera bønder om tjue år viss rammevilkåra skal endre seg for kvar nye trend?

Neste artikkel

Mímir Kristjánsson håper nordmenn husker hvor viktig norsk mat er også etter koronakrisen