Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kven meiner du bør bli «Årets lokalmatgründer»?

For fjerde gong skal Årets lokalmatgründer kårast, og du kan nominere din favoritt her. Fjorårsvinnaren på Lesja seier prisen har betydd mykje.

Nominer din favoritt til "Årets lokalmatgründer 2018" her.

– Det var superstas å vinne kåringa i fjor, for det var mange veldig gode kandidatar nominert saman med oss, seier Anna Haugstad Avdem.

Til dagleg driv ho lokalmatbutikken Avdemsbue på Lesja, eit steinkast unna Avdem Gardsysteri som mora og faren starta i 2005. I fjor blei familien saman kåra til "Årets lokalmatgründer".

– Det var kult at vi fekk prisen saman. Om du kjem inn i butikken er ikkje samanhengen automatisk, men det er tette band – foreldre og dotter. Vi har ganske mykje med kvarandre å gjere, seier Anna litt humoristisk til Nationen.

Den unge gründeren er tydeleg på at prisen dei blei tildelt i fjor har hatt innverknad.

– Det har nok betydd ein god del meir merksemd for både bedrifta vår og for det vi held på med, meiner ho.

Ny Meny

I år er det nokre små forandringar i kåringa. I staden for utdeling under matfestivalen Matstreif i Oslo, blir det utdeling under handels- og landbruksmessa Dyrsku'n i Seljord i Telemark. I tillegg er det Meny, ikkje Norgesgruppen som heilskap, som er medarrangør.

– Vi er den kjeda i Noreg som satsar mest på lokalmat, og då har vi lyst å vere avsendar i denne kåringa. Vi får møte mange av våre aller beste leverandørar under utdelinga, og vi synest det er hyggeleg å fronte ein slik pris, seier Eli Strand, kommunikasjonsrådgjevar i Meny.

Årets lokalmatgründer

Kåringa skjer for fjerde gong, etter oppstarten i 2015.

Tidlegare vinnarar er Avdem Gardsysteri og Avdemsbue (2017), Thorbjørnrud Hotell og ysteri (2016) og Det norske Vaffelstekeriet (2015).

Du kan nominere din favoritt fram til 14. juni. Nomineringsskjema finn du her.

Gjennom sommaren kan du følgje kåringa for 2018 på Nationen.no, der det mellom anna blir reportasjar om dei nominerte.

Frå 20. august til 9. september kan du – og alle du kjenner – stemme på din favoritt i kåringa.

Vinnaren blir avslørt under Dyrsku'n den 14. september.

Nationen, Hanen og Meny (tidlegare Norgesgruppen som heilskap) står bak kåringa.

Hanen, som er næringsorganisasjonen for bygdeturisme og lokalmat, fortel at det for dei handlar om å fremje norsk lokalmatproduksjon.

– Vi er opptekne av å heidre hardtarbeidande gründerar, produsentar og idemakarar rundtom i Noreg. Det er tøft å vere gründer og endå tøffare å drive med lokalmat og -drikke, meiner Bernt Bucher Johannessen, dagleg leiar i Hanen.

Du kan nominere din favoritt til "Årets lokalmatgründer 2018" her.

Inga binding naudsynt

For Nationen er det viktig å spegle "smakseventyret" som Noreg har opplevd dei siste åra, fortel redaktør Irene Halvorsen.

– Norsk natur har "alltid" levert sjømat i toppklasse. På få år og eit ufatteleg tal på arbeidstimar, har norske bønder òg løfta seg til verdsklasse innan lokalmat, meiner Halvorsen.

Annonse
Positiv til samarbeid: Nationen-redaktør Irene Halvorsen meiner kåringa av Årets lokalmatgründer blir langt betre når ein samarbeidar med aktørar som kjenner norsk lokalmat. Foto: Henrikke Havaas

Samarbeidet med Hanen og Meny meiner ho styrkar både nominasjonsprosessen og kåringa. Halvorsen seier at begge aktørane er tungt inne i lokalmat, og bidreg med kunnskap om både nye produsentar og utviklinga i ulike produksjonar.

– Men det er viktig å understreke at det sjølvsagt ikkje er ein føresetnad at lokalmatgründerane er medlemmar av Hanen eller har etablert seg i Meny-utvalet, slår Halvorsen fast til eiga avis.

– Viktig å mobilisere

Fristen for å nominere din favoritt er 14. juni, før juryen skal plukke ut seks finalistar. Fjorårsvinnar Anna Haugstad Avdem på Lesja har gode råd til dei eventuelle finalistane.

– Det er nok viktig å greie å mobilisere kundar og publikum, gjerne i kanalar som sosiale medium, seier ho.

For når folk flest både nominerer og er med på å kåre ein vinnar, handlar det om å engasjere.

– Då er det viktig å vere takknemleg. Det er jo kundane som er viktigast for lokalmatprodusentar, så kunderelasjonen er utruleg viktig, meiner Haugstad Avdem.

Ung gründer: Anna Haugstad Avdem har vunne fleire prisar for butikken Avdemsbue på Lesja. Foto: Siri Juell Rasmussen

Leitar etter entreprenørskap

I Meny gler Eli Strand seg til å sjå engasjementet blant folk.

– Det er verkeleg moro å vere med å noko som folk er opptekne av, seier Strand.

For konkurransen har engasjert. I oppstartsåret 2015 kom det inn 20 nominasjonar, men i seinare år har talet på nominerte både tre- og firedobla seg.

– I denne konkurransen er det jo utruleg viktig at folk engasjerer seg på vegner av produsentane dei meiner fortener prisen. Gjennom Nationen når vi ut til folk og skaper engasjement, meiner Johannessen i Hanen.

Han meiner utmerkinga kan vere ein døropnar, i tillegg til at prisen viser kor mykje folk sett pris på arbeidet som blir lagt ned. Prisen handlar likevel ikkje berre om kvalitet, men like mykje om entreprenørskapet, ifølgje Halvorsen i Nationen.

– Det er entreprenørskapet vi leitar etter, innovasjonskrafta som viser seg når produsentar skaper meirverdi lokalt i form av nye arbeidsplassar, auka verdiskaping eller ved å bruke for eksempel beiteressursar eller gamle lokale på nye måtar. Slik blir den lokalt produserte maten endå meir verdifull.

Gjennom sommaren blir finalistane presentert i Nationen, før ein frå 20. august kan stemme fram sin favoritt. Siste frist for å stemme er 9. september, før utdelinga skjer under Dyrsku'n 14. september.

Gler seg: Bernt Bucher Johannessen, dagleg leiar i næringsorganisasjonen Hanen, gler seg til å sjå engasjementet blant folk. Foto: Kari Hamre / NPK

Neste artikkel

Røyland gård vart Årets lokalmatgründer