Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kulturminnefondet gir 634.000 til Astrup-hytte

Eigarane av ei hytte etter kunstnaren Nikolai Astrup får 634.000 kroner frå Kulturminnefondet til å setje i stand hytta.

Den tidlegare ukjende hytta til bildekunstnar Nikolai Astrup skal no setjast i stand og brukast til formidling. Til dette arbeidet får eigarane 634.000 kroner frå Kulturminnefondet. Foto: Kulturminnefondet

Den tidlegare ukjende hytta til bildekunstnar Nikolai Astrup (1880–1928) skal no setjast i stand og brukast til formidling for publikum. Til dette arbeidet får eigarane Elisabeth Astrup og Kari Astrup 634.000 kroner frå Kulturminnefondet.

Annonse

Stova er eit viktig kulturminne med høg regional verdi, heiter det frå Kulturminnefondet. Hit «rømte» Astrup for å få fred og inspirasjon.

Hytta ligg ved Sanddalselva i Jølster kommune og vart sett opp omkring 1912. Ho er ei enkel sperrestove med låge dører og små vindauge, noko som speglar enkle og fattige kår. Hytta er no i dårleg forfatning, men skal etter at ho er sett i stand bli brukt til formidling i regi av Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Astruptunet Museum.

At hytta har ein høg kulturminneverdi og skal bli opna for publikum er vektlagd i grunngivinga til styret.

Neste artikkel

Miljødirektoratet sier ja til tysk prøveboring nær Lofoten