Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kristin Halvorsen: – Vi får ekstremvêr i Noreg

Cicero-direktør Kristin Halvorsen åtvara om at tørkesommaren 2018 berre er ein smakebit på klimautfordringane i framtida på årets Mat og Landbruk-konferanse. – Det vil gjere det krevjande å vere matprodusent, sa ho.

Kristin Halvorsen heldt føredrag for klimaorganisasjnen Cicero på årets Mat og Landbrukskonferanse. Foto: Siri Juell Rasmussen
Kristin Halvorsen heldt føredrag for klimaorganisasjnen Cicero på årets Mat og Landbrukskonferanse. Foto: Siri Juell Rasmussen

– Noreg er eitt av landa som er minst påverka av klima i verda, sa Kristin Halvorsen under innlegget sitt på årets Mat og Landbruk-konferanse på Oslo Plaza. Halvorsen heldt innlegget sitt for organisasjonen Cicero, eit internasjonalt institutt for klimaforsking.

Likevel vil Noreg merke klimaendringane meir enn før, heldt ho fram, og særskilt matprodusentane vil merke konsekvensane. Halvorsen fortalde at ekstremvêr kan verte den nye normalen òg i Noreg. Det vil gjere det krevjande å vere bonde.

– Set pris på sola, Vestlandet!

– Vestlandet, pris sola kvar gong de ser henne, spøkte den tidlegare finansministeren frå SV.

Det er særskilt regnet vi skal fylgje med på, meinte ho. Noreg kan få mykje ekstremnedbør i framtida.

– Det vil verte våtare på stadane i landet der det er mykje vått ver, og tørrare der det er tørt. Vi kan få ekstreme regnskurar, sa ho, og forklarte at ekstremvêrsituasjonane typisk vil oppstå på seinsommaren og tidleg på hausten.

Ho fortalde at sommaren 2018 kan vere ein variant av det framtidige ekstremvêret.

– Det vil seie mangel på fôr, som igjen vil seie auke i slakt.

Under 10 prosent av klimautsleppet

– Landbruket i Noreg står for under 10 prosent av klimautsleppet totalt, sa Halvorsen, og spurde utover i salen om kva som ville skje med den norske kjøtproduksjonen.

Annonse

Ho fortalde at den norsk mjølkekua har lågare utslepp av klimagassar fordi utsleppet vert fordelt på fleire kilo produkt, som mjølk, smør og ost. Det er produksjonen av olje og gass som står for den største delen av utsleppet.

Må redusere importen

– Noreg må verte meir sjølvforsynte. Det vil seie at vi må byrje å dyrke mykje av maten som vi i dag importerer, sa Halvorsen, og nemnde belgfrukter som døme.

– Klimaendringane er uføreseielege, sa Halvorsen.

Ho starta presentasjonen med eit satellittfoto av jorda, og snakka om å redusere både global fattigdom og klimautslepp. Ho snakka om klimamåla på to grader, som vart utarbeida i parisavtalen, og kva som vil skje med infrastrukturen i verda dersom ein ikkje tek desse måla på alvor.

– No er vi på veg mot fire grader gobal oppvarming. Fire grader er eit stort eksperiment med moder jord, og vi har dårleg tid, sa ho, og nytta Svalbard som døme.

– Heile Svalbard er i ferd med å verte fuktig.

– Nordmenn set pris på biffen

Før ho avslutta presentasjonen la Halvorsen fram ein rapport som Cicero har laga med utgangspunkt i ei stor spørjeundersøking organisasjonen no byggjer opp. Rapporten vart laga i samarbeid med norske myndigheiter og organisasjonane i landbruket.

– Her ser de framskriving av kosthaldsråd. Mange nordmenn set pris på biffen, men 60 prosent av dei som svara på spørjeundersøkinga sa at dei var klar over at han står for ein stor del av karbonavtrykket, sa Halvorsen.

Ho runda av innlegget med ei påminning til salen om at Noreg står framfor omstillingar.

– Dei yngre er meir medvitne om klimautfordringane. Men vi ser starten på at folket generelt vert meir medvitne. Mange ønskjer å gjere noko med matsvinnet, til dømes. Vi har klart store endringar før, og eg trur endringa vi står framfor no vert den største vi nokon gong har vore gjennom, sa ho.

Neste artikkel

Suksess for årets lammesesong