Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kristian var på jobb under koronautbrotet på Hurtigruten i fjor. No har han sagt opp jobben

— Som sjømann er ein avhengig av tryggleik, seier han.

Kristian Sætrehaug sa opp jobben etter 15 år på grunn av koronahandteringa i Hurtigruten. Foto: Privat
Kristian Sætrehaug sa opp jobben etter 15 år på grunn av koronahandteringa i Hurtigruten. Foto: Privat

Søndag kveld vart eit innlegg frå Kristian Sæterhaug lagt ut på Facebook-gruppa Norske Sjøfolks Fremtid, der han forklarer kvifor han har vald å slutte i jobben som resepsjonssjef på Hurtigruten.

— Eg har fått ganske mange spørsmål om kvifor eg vel å gå ut med det, eg ønsker ikkje Hurtigruten noko vondt eller å bryte ned noko eg har vore med på å bygge opp, seier han til Nationen.

Koronautbrotet skjedde sommaren 2020, då MS «Roald Amundsen» skulle starte på eit cruise til Svalbard. Om lag 70 stykke vart smitta om bord, der 42 av dei var tilsette. 69 kommunar vart ramma av utbrotet.

Sæterhaug meiner leiinga handterte situasjonen dårleg.

— Arbeidsgivar sette rett og slett tryggleiken vår i fare til fordel for å halde oppe drifta, seier han.

— La lokk på situasjonen

Han meiner dette må fram i lyset for at leiinga skal kunne rydde opp i det som skjedde.

— Men det trur eg ikkje leiinga har gjort. Det har fått minimalt med konsekvensar for dei som er ansvarlege. Slik eg ser det, har det ikkje fått konsekvensar i det heile, seier han.

— Det var ein ekstrem situasjon som ingen av oss hadde opplevd før, så vi måtte jo gjere det vi kunne for å få ting til å fungere. Å drifte eit cruise der folk skal ha mat og reine klede når vi står midt i eit utbrot er ekstremt.

Han seier dei etter kvart fekk god hjelp frå Tromsø kommune, men at leiinga kunne ha gjort meir.

Annonse

— Dette var nytt for Hurtigruten òg, og det har eg forståing for. Men eg har ikkje forståing for det som skjedde når folk starta å bli sjuke. Dei ville heller legge lokk på situasjonen, enn å teste og å prøve å avgrense smitten, seier han.

— Sette tryggleiken i fare

— For oss som jobbar på sjøen, er det tryggleiken det viktigaste vi har. Det er ikkje noko som betyr noko meir. Vi er så langt unna hjelp viss det er noko som skjer, og eg kan ikkje jobbe som sjømann på ein arbeidsplass der eg ikkje er 100 prosent sikker på at tryggleiken er prioritert heile tida, seier han.

Ifølge Sæterhaug kan det ta opp til 12 timar før hjelpa er på plass dersom noko skjer når ein er ute på sjøen, men at dette sjølvsagt er avhengig av kor ein seglar.

Han har gått gjennom ein lang prosess, og bestemte seg for å slutte rundt juletider, etter 15 år som tilsett i Hurtigruten.

— Eg har nokre ting på gang, men eg vil ikkje gå ut med det no. For meg har det vore ein lang prosess, og eg har bestemt meg for å slutte og heller finne på noko anna, seier han.

— Leiinga jobbar tett med dei tilsette

Til VG skriv kommunikasjonsrådgivar i Hurtigruten Tarjei Kramviken at det er leit å høyre korleis Sætrehaug opplev kulturen i Hurtigruten.

— Utbrotet er allereie grundig behandla i den eksterne granskinga, men Hurtigruten tek alle tilbakemeldingar og bekymringsmeldingar frå tilsette på alvor, også denne, seier han til VG.

Vidare seier han at dei har jobba med kulturen i Hurtigruten i fleire år, og at det skal vere ein trygg, romsleg og open kultur.

— Det skal følast trygt å seie frå om alle typar forhold. Vi har tydelege prosedyrar og system for å legge til rette for dette, også ved at tilsette kan varsle anonymt. Leiinga jobbar tett saman med tillitsvalde og representantar for dei tilsette for å sikre at vi blir betre kvar einaste dag, seier han.

Neste artikkel

Forslag frå Statens vegvesen vil gi pendlarar dyrare ferje