Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kraftig spreiing av bjørkefrø: Kan skuldast stress

Forskar meiner det ikkje har vore så stor frøproduksjon frå bjørk på 45 år.

Bjørketre. Foto: Mariann Tvete
Bjørketre. Foto: Mariann Tvete

– Det er ein av dei største frøsomrane eg har sett på bjørk gjennom 45 år, seier Tore Skrøppa, seniorforskar ved Norsk institutt for bioøkonomi til NRK.

Han har jobba med genetikk på tre sidan 70-talet og meiner denne sommaren er spesiell, med svært store frømengder, spesielt frå hengebjørk i låglandet på Austlandet.

– Dette kan skuldast den svært varme sommaren i fjor, for då blei det bestemt om det skulle bli blomsterknoppar eller vegetative knoppar som skulle gi skot. I år har me altså fått sterk blomstring og sterk frøsetting på bjørka, seier Skrøppa til NRK.

Annonse

Tørken i fjor gjorde at mange lauvtre fekk brunt lauv og felte blad allereie på sommaren, og årets storproduksjon av frø kan bety at bjørka rett og slett blei stressa etter fjoråret.

– Når den er under stress, vil den prøve å føre slekta vidare, seier Skrøppa til NRK.

Alle tre reagerer ikkje på same måte, og sjølv om bjørk reagerer slik, er det stor genetisk variasjon slik at nokon tre set mykje frø, andre lite. Skrøppa seier til NRK at slik frøing ikkje burde gi grunn til uro.

– Det er ganske normalt. Nokon år har me mykje frø, andre lite frø, dette jamnar seg ut og er inga krise for skogen, seier han.

Neste artikkel

Skogen blir slagmark for de rødgrønne