Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kraftig prisauke på tømmer

Det grøne skiftet er ei av årsakene til at prisen på tømmer har hauka med 30 prosent det siste året.

Prisen på tømmer har auka med 30 prosent i løpet av 2021. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK
Prisen på tømmer har auka med 30 prosent i løpet av 2021. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK

Prisen har auka mest på sagtømmer, og det er her det grøne skiftet spelar inn.

– Vi ser at det grøne skiftet gir auka etterspurnad etter trevirke i byggmarknaden både i Noreg og internasjonalt, seier Trond Svanhøe-Hafstad, leiar for skogseksjonen i Landbruksdepartementet til NRK Vestland.

Han reknar med at det i åra framover vil bli ein auka bruk av tre på alle marknadsområde. Massevirke frå tre vil erstatte plastemballasje, biokol og dyre- og fiskefôr, trur han.

Helge Kårstad i selskapet Kystskogbruket meiner det er fleire årsaker til dei historisk høge prisane på tømmer no. Større fokus på klima har også ført til auka interesse for å bruke tre i bygg.

Han seier til NRK også at energibruken har endra seg, slik som i Danmark. Der har dei kutta ut kolkraftverk, og dei kjøper mykje flis frå Noreg. Han nemner også auka bruk av trevirke til emballasje, som det har blitt meir av på grunn av auka netthandel.

(©NPK)

Neste artikkel

Strid om jordbruksavtalen: – Begge har skrive under