Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kommunetilsette er redde for å gjere teknologifeil

Redsel for å gjere feil og manglande interesse står fram som hovudgrunnane til at Kommune-Noreg heng etter i den teknologiske utviklinga, viser ei undersøking gjort av Akademikerne.

Foto: Colourbox
Foto: Colourbox

Heile 36 prosent av kommunemedlemmane i Akademikerne svarer at det som hindrar dei frå å ta i bruk ny teknologi er at dei er redd for å gjere feil. Til forskjell svarer 28 prosent i privat sektor det same, skriv Kommunal Rapport.

Samanlikna med staten og det private heng kommunalsektor etter i det å tilby og å bruke digitale tenester. Akademikerne har no gjennomført ei undersøking som prøver å gi svar på kvifor Kommune-Noreg heng etter i teknologiutviklinga.

Annonse

Ein stor barriere for mange kommunetilsette er at dei manglar interesse for å ta i bruk ny teknologi. 53 prosent har oppgitt dette som grunn, mot 43 prosent i privat sektor og 45 prosent i staten.

14 prosent av kommunetilsette seier at teknologi ikkje gjer dei meir effektive, i privat sektor svarer berre 4 prosent dette.

Leiar i Akademikerne, Kari Sollien, seier til Kommunal Rapport at kompetanse er viktig for at kommunesektoren ikkje skal fortsetje å henge etter i digitaliseringa.

– For oss er det viktig at kommunane har nok kompetanse til å forstå behovet for teknologi, og sjå at det er moglegheiter. Kunnskapen hos kommunane varierer og ganske mange manglar ein plan for IKT-utvikling. Kommunane treng større fagmiljø.

Neste artikkel

Tankesmie vil ha bønder inn i fylkeskommunane sin beredskap