Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kommunane samarbeider betre om beredskapen

Pandemien har ført til at kommunane samarbeider betre om krisehandtering, men fleire øvingar har blitt utsett.

Direktør i DSB Elisabeth Aarsæther under ein demonstrasjon av skogbrannhelikopter i 2020. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB
Direktør i DSB Elisabeth Aarsæther under ein demonstrasjon av skogbrannhelikopter i 2020. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Det viser kommuneundersøkinga frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med tryggleiken i samfunnet. I 2020 har samarbeidet mellom kommunane blitt betre.

– Det er gledeleg at kommunane samarbeider betre enn før. No er det viktig å ta med erfaringane frå handteringa av pandemien vidare til tryggleiksarbeidet i åra som kjem, seier direktør Elisabeth Aarsæther på DSB sine nettsider.

Trass i eit krevjande år, viser undersøkinga at Kommune-Noreg jobbar jamt og trutt for å oppfylle beredskapsplikta til kommunane. Det er framleis utfordringar knytt til å ha oppdaterte sårbarheitsanalysar og beredskapsplanar.

Fleire øvingar utsett

Annonse

Kommunane melder om at dei har måtte utsett fleire øvingar under pandemien.

– Mykje av det planlagde beredskapsarbeidet har vorte sett på vent det siste året, og erstatta av praktisk krisehandtering knytt til pandemien, seier Aarsæther.

Likevel viser resultata av undersøkinga at det er ei positiv utvikling mellom kommunane og i samarbeid med andre beredskapsaktørar. Kommunane har òg fått god oppfølging frå Statsforvaltaren det siste året.

Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med samfunnstryggleik. Dei skal kartlegge risiko, sårbarheit, førebygge ulykker og bygge opp beredskap og krisehandteringsevne.

Målet er å utvikle og styrke tryggleiken i lokalsamfunna.

Neste artikkel

Vedlikeholdsetterslepet øker i helsefarlige skolebygg