Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjøtt blir sunnare med fôr-tilskot

Kjøtt frå slakteoksar som får tilskot av vitamin D, E og K, selen og omega-3 eit halvt år før slaktinga, har vesentleg meir av desse stoffa enn vanleg kjøtt, viser ein studie som er gjort ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Storfe som får tilskot av vitamin D, E og K, selen og omega-3 det siste halvåret før slaktinga, gir sunnare kjøtt, viser ein studie gjort ved NMBU på Ås. FOTO: Kari Hamre / NPK

Ifølgje ein rapport som Helsedirektoratet la fram før jul, et folk stadig mindre fisk, sjølv om styresmaktene tilrår minst to fiskemiddagar per veke. Fisk er ei viktig kjelde til omega-3 og vitamin D. Ifølgje ernæringsprofessor Anna Haug ved NMBU kan storfekjøttet bøte noko på dette ved å auke innhaldet av viktige næringsstoff i kjøttet.

Annonse

– For å få i oss næringsstoffa må dei jo finnast i den maten vi faktisk et. Det hjelper ikkje at det er mykje av dei i den maten vi burde ha ete. Og veit vi ikkje at vi får for lite av enkelte næringsstoff, så veit vi heller ikkje at vi bør ete annleis, seier Haug i ei pressemelding.

Kjøttet som vart produsert i forsøket, levde opp til dei strenge EU-krava for merking av matvarer som god kjelde til D-vitamin, K-vitamin og selen. I tillegg er kjøtt ei god kjelde til mellom anna jern, sink, vitamin B12 og protein.

Forskarane fann òg ut at metoden var billeg. Meirkostnaden var rundt 200 kroner per okse. Om tilskota blir avgrensa til D- og K-vitamin er prisen 10 kroner per slakt.

Neste artikkel

Pollestad til Bollestad: – Regjeringen må ta sin del av flytteregninga til Veterinærinstituttet