Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjempebjørnekjeks kan føre til alvorleg forbrenning

Dersom du har kontakt med kjempebjørnekjeks og er blir utsett for UV-stråling etterpå, kan det føre til alvorlege forbrenningar.

Sonen til Åshild Levik frå Karmøy kom heim frå skulen og sa han hadde smerter i foten. Då dei sjekka kva som var gale, hadde han store blemmer.

– Legen meinte han hadde vore i kontakt med kjempebjørnekjeks eller tromsøpalme. Vi hadde vore på ein badeplass med mykje nyslått gras, men vi veit ikkje om det var der, eller om det var nokre andre stadar han kom i kontakt med planta, seier ho til Nationen.

NRK har òg omtalt saka.

Slik såg det ut nokre dagar etter Levik junior var i kontakt med kjempebjørnekjeks (heracleum mantegazzianum) eller tromsøpalme (heracleum persicum). Foto: Privat
Slik såg det ut nokre dagar etter Levik junior var i kontakt med kjempebjørnekjeks (heracleum mantegazzianum) eller tromsøpalme (heracleum persicum). Foto: Privat

Ifølge Giftinformasjonen har talet på førespurnader om kjempebjørnekjeks auka. I fjor fekk dei 73 førespurnader, og hittil i år har dei fått 15, der 9 har vorte tilvist til lege.

– Ein kan avgrense reaksjonen viss ein dekkjer til huda, unngår sollys og nyttar solfaktor. Det er òg viktig å vaske med såpe og vatn med ein gong, seier seniorrådgivar Lene Solheim Jacobsen i Giftinformasjonen til NRK.

Svartelista i Norge

Kjempebjørnekjeksen kan bli opptil 5 meter høg, og spreie mellom 20.000 og 100.000 frø. Planten vart innført i Norge på 1800-talet som fôr- og prydplante. I dag er ho svartelista.

– Kjempebjørnekjeks spreier seg veldig lett og det blir tette bestandar når ho veks. Ho konkurrerer ut anna vegetasjon, seier forskar Inger Sundheim Fløistad i NIBIO, til kanalen.

Annonse

Planta kan vere vert for både gulrotfluge og mellomvert for ròtesopp. Dei kan gjere skade på ei rekkje jord- og hagebruksvekstar, ifølge Plantevernleksikonet til NIBIO.

I dag er planta spreidd på Austlandet til Lillehammer og på kysten og i fjordstrøk nord til Trøndelag, men ho er òg registrert i Tromsø. Planta er opphavleg frå Kaukasus.

Det går over

Det er to år sidan sonen til Levik fekk blemmene, men huda ber framleis preg av blemmene.

– Det er eit lysare felt der blemmene var, så vi er ekstra påpasselege. Men huda er heil og fin, seier Levik.

Etter han fekk blemmene, vart han smurt med aloe vera til det gjekk hol på dei, og etterpå ein krem som hindra såra frå å spreie seg. Dei brukte sunblock resten av sommaren.

Slik såg ut såret nesten to veker etterpå. I dag ser huda fin og heil ut, bortsett frå at det er eit lyst felt. Foto: Privat
Slik såg ut såret nesten to veker etterpå. I dag ser huda fin og heil ut, bortsett frå at det er eit lyst felt. Foto: Privat

Neste artikkel

OECD ber om større kutt i norsk jordbruksstøtte