Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

KFC-kylling er den store joledelikatessa i Japan

Dette er den litt underlege historia om at fleire millionar japanarar kjøper jolemiddagen på hurtigmatrestauranten KFC.

Japanarane flokkar til KFC i jola. Foto: Mostphotos
Japanarane flokkar til KFC i jola. Foto: Mostphotos

Kvar jol tar millionar av japanarar turen innom KFC for å eta jolemiddagen. Den gamle tradisjonen lever i beste velgåande, og ein må vera tidleg ute med å bestille menyen på førehand. Viss ikkje blir ein fort ståande i kø i fleire timar før ein får klørne i den tradisjonelle jolematen.

Tradisjonen kan daterast tilbake til 1974, då KFC i Japan lanserte sin fyrste jolemeny. Den gongen var det under slagordet «Kurisumasu ni wa Kentakkii», som betyr «Kentucky til jol» på norsk.

Japanske KFC håvar inn ein halv milliard i løpet av desember, og får dermed inn 20 prosent av årsinntektene sine i løpet av den travle månaden, skriv NRK via CNN.

Heile 3,6 millionar japanarar tar turen innom restauranten mellom 20. og 25. desember.

Annonse

Falsk marknadsføring

Segna skal ha det til at alt starta i 1970, då KFCs sjef i Japan, Takeshi Okawar, høyrte turistar klage over mangelen på jolemat i landet. Ein annan versjon av segna er at Okawara skal ha marknadsførst fritert kylling som ein amerikansk joletradisjon for å auke salet.

KFCs eigen versjon er at Okawara fekk ideen då han var på ein jolefest utkledd som nisse for å dele ut mat frå restauranten til skulebarn. Stuntet skal ha vore så vellykka at han bestemte seg for å marknadsføre fritert kylling som ei erstatning for den tradisjonelle, amerikanske jolekalkunen.

Kva som stemmer veit ein ikkje heilt. Fungerte gjorde det uansett.

Okawara har i seinare tid innrømt for avisa Business insider at han under eit intervju med den statlege TV-kanalen NHK laug om at fritert kylling var ein vestleg joletradisjon.

Neste artikkel

Valkomiteen vil ha attval av leiinga i Fjørfelaget