Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
TERAPIKATT: Muskat (9, til høyre) er terapikatt for andre fosterkatter og skal gå foran med et godt og rolig eksempel. Samboer og fosterkatt Junior (til venstre) følger med. FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
TERAPIKATT: Muskat (9, til høyre) er terapikatt for andre fosterkatter og skal gå foran med et godt og rolig eksempel. Samboer og fosterkatt Junior (til venstre) følger med. FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Katt søkjer familie

Sommarferien er høgsesong for dumping av kattar. No melder behovet seg for fleire frivillige «fosterforeldre».

For tre år sidan hadde Randi Myrhaug (23) aldri hatt andre kjæledyr enn akvariefisk. Ho hadde heller aldri vore inne på tanken om å skaffe katt – ikkje før kjærasten hennar ymta frampå om at det hadde vore koseleg med eit pelskledd familiemedlem.

– Så adopterte vi Muskat gjennom Dyrebeskyttelsen – og då var mykje gjort, fortel Myrhaug. Ho stryk kattepusen over pelsen. Muskat (9) har budd hos henne dei siste 2,5 åra. I tillegg til Muskat, som er hennar eigen katt, deler ho no leilegheita i Drammen med dei to fosterkattane Ann-Mariell (3) og Junior (truleg 7).

Dei siste tre åra har 22 fosterkattar budde mellombels hos Myrhaug, som til dagleg jobbar som ungdomsskulelærar. I fjor sommar toppa det seg: I mangel på fleire fosterheimar hadde Randi heile 10 kattar buande hos seg på same tid.

– Det er fint å kjenne at eg utgjer ein forskjell, seier ho, medan dei tre kattane flokkar seg tett om føtene hennar.

Ikkje alle pusar er like heldige: I Noreg er det anslagsvis 100.000 heimlause kattar. Behovet for fleire fosterheimar er stort.

GOD VENN: Randi Myrhaug (23) hadde ingen planer om å skaffe katt. Nå har hun godt selskap av Muskat (9), og ville aldri vært foruten. FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix  FOTO:  /
GOD VENN: Randi Myrhaug (23) hadde ingen planer om å skaffe katt. Nå har hun godt selskap av Muskat (9), og ville aldri vært foruten. FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix FOTO: /

Blir dumpa og forlatne

Over heile landet prøver Dyrebeskyttelsens 27 lokalavdelingar å hjelpe dei heimlause kattane. På Dyrenes Hus i Asker – som er Dyrebeskyttelsens lokalavdeling i Oslo og omland – bur det for tida 64 kattar i vente på permanente adoptivheimar. Det er på brestepunktet av kva dei har kapasitet til.

– Vi merkar at dumping av kattar skjer oftare før sommarferien enn resten av året, fortel Christine Lundby Mercer ved Dyrenes Hus. – Det er dumping av kattemødrer med ungar, drektige kattar, kattungar utan mor og vaksne kattar. I tillegg er det folk som ringjer oss og fortel at eitt av barna deira plutseleg har vorte allergisk – rett før ferien – og at dei derfor ønsker at vi skal ta imot katten deira.

Dyras Hus i Asker har tatt inn 80 utegåande kattar hittil i år – og sommaren har knapt byrja. Mercer er uroleg for kva tida framover vil bringe.

– Vi er varsla om ein kattekoloni som må fangast inn før dei blir for mange. Dei vil lide når kulda set inn, fortel Mercer. – Jo fleire fosterheimar vi har, desto fleire kattar kan vi ta inn.

No håper Mercer at fleire som er vande til sosial omgang med katt, vil opne heimane sine for ein firbeint ven eller to.

– Alle kan bli fosterforeldre, så lenge ein har litt husrom og hjarterom!

Treng tryggleik

Å tilby heimen sin som fosterheim for katt, inneber å passe på katten mellombels i vente på ein ny, permanent adoptivheim. Fosterheimstida kan variere frå éin månad til eit halvt år.

Vanlegvis har Randi Myrhaug kattane buande hos seg i omkring fem veker.

– Målet er å få dei tryggast mogleg på kortast mogleg tid, fortel ho. Nokre kattar bruker lengre tid enn andre. Ann-Mariell har budd hos Myrhaug i eitt års tid og er framleis skeptisk.

Kanskje ikkje så rart – for fleire av desse kattane har vore gjennom tøffe tak. Nokre av dei har gått ute fleire vintrar, dei har måtta slåst for føda, og dei har mangla sosialisering med menneske.

– Dei ser ikkje noko godt i oss menneske etter å ha vorte dumpa. Det tar tid for dei å stole på oss igjen, seier Christine Mercer.

Fakta

Høytid for dumping

Ifølgje Mattilsynet er det omtrent 750.000 kattar i Noreg. Éin firedel av dei er ID-merkte. Omplasseringsforeiningar anslår at nær 100.000 av dei norske kattane er heimlause.

Medan styresmaktene i fleire andre land støttar omsorgsprogram for heimlause kattar, er avliving førebels det einaste som blir finansiert av offentlege midlar i Noreg.

Å setje eit dyr i hjelpelaus tilstand er eit brot på dyrevelferdslova, men berre eit fåtal blir straffeforfølgde for å gjere dette.

Vil du bli fosterforelder for katt? Kontakt Dyrebeskyttelsens lokalavdeling der du bur.

Separasjonsangst

Heime hos matmor Randi har Muskat vorte ein tillitsfull og kjælen pus, men lid framleis av separasjonsangst etter ei hard fortid. Junior er òg tydeleg glad for endeleg å få omsorg. Han vart truleg forlaten av dei tidlegare eigarane fordi han har allergi som førar til oppkast og mykje røyting. Ann-Mariell, på si side, kom til Dyrenes Hus som drektig og fødde tre små – og etterpå tok ho vare på fire andre morlause kattungar.

Annonse

Alle kattane som blir utplasserte i fosterheim, er kastrerte, vaksinerte og ID-merkte, og blir følgde opp av dyrlege. Dyrebeskyttelsen dekkjer alle utgifter, inkludert leikar, klorestativ, fôr og medisinar, i tillegg til å hente og bringe kattane til og frå dyrlegen.

– Kattar søv 15 timar i døgnet og trivst som regel med å ha huset for seg sjølv, seier Mercer og føyer til at det ikkje er noko hinder om ein har lange studie- eller arbeidsdagar, men likevel har lyst til å tilby ein katt ein mellombels fosterheim. Om nødvendig kan kattane òg få tilsyn og heimebesøk frå Dyrebeskyttelsen om dagen.

Rekordhøge dumpingtal

Tal frå Dyrebeskyttelsen viser at organisasjonen tok seg av 8.048 kjæledyr folk dumpa i fjor. Det er ny rekord, opp frå 7.415 i 2017, og meir enn dobbelt så mange dyr som for ti år sidan.

No krev Dyrebeskyttelsen tiltak for å snu utviklinga, og for å få styresmaktene til å ta meir ansvar.

– Sjølv om hjelpeplikta overfor dyr er forankra i dyrevelferdslova, blir hjelpearbeidet og utgiftene lempa over på privatfolk og frivillige organisasjonar, seier veterinær og dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset. I 2018 brukte Dyrebeskyttelsen Norge over 22 millionar kroner på praktisk hjelp til dyr i nød. 12 av desse millionane gjekk til å dekke veterinærbehandling og ID-merking av dyr.

Dersom dei frivillige dyreorganisasjonane ikkje hadde tatt til seg dei utegåande kattane, ville forholda vorte mykje verre. Sjukdommar som katteaids (felint immunsviktvirus, FIV) går nemleg på rundgang blant kattar.

– Dei går ein grufull død i møte om dei ikkje blir tatt inn i tide, seier Christine Mercer.

Statistikken frå 2018 viser at det trengst strakstiltak for å få bukt med det som er eit menneskeskapt problem. Dyrebeskyttelsens lokalavdelingar opplever stadig å måtte setje inntaksstopp grunna fulle hjelpesenter.

FOSTERMOR: Randi Myrhaug (23 år) fra Drammen har tatt imot 22 katter de siste tre årene. Akkurat nå bor han sammen med Ann-Mariell (3), Muskat (9) og Junior (trolig 7). FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix  FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
FOSTERMOR: Randi Myrhaug (23 år) fra Drammen har tatt imot 22 katter de siste tre årene. Akkurat nå bor han sammen med Ann-Mariell (3), Muskat (9) og Junior (trolig 7). FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Vil lovpålegge ID-merking

ID-merking er, ifølgje Dyrebeskyttelsen, ein enkel måte å møte problemet med dumping på. Dyrebeskyttelsen ønsker lovpålagt ID-merking av alle typar familiedyr. Merkinga vil gjere det lettare å spore opp og straffeforfølgje dyreeigarar som dumpar eller mishandlar dyr.

– ID-merking gir dyra rettsvern. Obligatorisk ID-merking vil òg gjere at ein tenker seg om to gonger før ein skaffar seg dyr, seier veterinær og dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset.

Mattilsynet tar hand om dyr i dyrevernssaker, men har lite med dumping og heimlause dyr å gjere. I saker der dei tar dyr i mellombels forvaring, samarbeider dei lokalt med frivillige dyrevernsorganisasjonar.

Torunn Knævelsrud, seksjonssjef i Mattilsynets seksjon Dyrevelferd, ser problema Dyrebeskyttelsen beskriv. Ho ber eigarane ta sin del av skulda.

– Dumping av dyr er kriminelt og eit direkte lovbrot, og ikkje noko Mattilsynet avdekkjer gjennom tilsyn, seier ho.

Mattilsynet stiller seg likevel negativ til lovpålegging av ID-merking av katt.

– Det vil vere vanskeleg for styresmaktene å følgje opp og handheve eit slikt påbod, seier Knævelsrud og føyer til at mange kattar blir fødde heimlause. Ho meiner det er viktigare å framheve eigenverdien til katten som dyr.

– Folk må bli informert om at det er ein naturleg del av dyrehaldet å få dyret ID-merkt og sterilisert.

Kattekur mot angst

Ein fosterheim skal gi katten den omsorga og tryggleiken han treng for å ha eit verdig liv. Men det er ikkje berre kattane som har glede av å bli tatt vare på. Fosterfamiliane fortel at dei kosar seg i selskapet til dyra. Randi Myrhaug sleit tidlegare med angst. Kattane hjelpte henne å bli tryggare.

– Når kattane er engstelege, kan du ikkje vere redd sjølv, seier ho. – Det vart til at eg tøygde mine eigne grenser for å vere der for kattane. No har eg det mykje betre.

Myrhaug understrekar kor verdifullt det er for henne å vere fostermor for Dyrebeskyttelsen.

– Gleda ved å bidra til å finne den rette adoptivheimen til katten, er òg stor. Dei nye eigarane kjem først på besøk for å sjå an stemninga mellom seg og katten. Det kjennest godt å sjå at kattane får gode, trygge heimar, seier Myrhaug.

Neste artikkel

Omsider sider fra Telemark