Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Juletorsken er framleis populær i sør

Mange sørlendingar et torsk i jula. Fiskarar i sør får no 50 til 70 kroner kiloen for juletorsken.

Juletorsken er framleis populær i sør. Foto: Matprat
Juletorsken er framleis populær i sør. Foto: Matprat

– Vi opplever framleis at folk vil ha torsk til jul og dei fleste ønsker fisk i storleiken 3 til 5 kilo, opplyser fiskehandlar Reidar Fredriksen til Fiskeribladet.

Han forventar eit sal på om lag 10 tonn torsk i Kristiansand-området dei to siste vekene i desember.

Annonse

– På denne tida av året får fiskarane ein kilopris på 50 til 70 kroner for torsk over 2,5 kilo hos oss, seier Fredriksen.

Neste artikkel

KFC-kylling er den store joledelikatessa i Japan