Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordvernforeningen i Rogaland vil ha ei øvre grense for omdisponering av matjord

Jordvernforeningen i Rogaland vil ha ei øvre grense på omdisponering av matjord på 300 dekar i året i Rogaland. – Landbruket må òg ta sin del av ansvaret, uttalar foreiningsleiar Olaf Gjedrem.

Olaf Gjedrem, leiar i jordvernforeininga i Rogaland, meiner Landbruket må ta sitt ansvar og takke nei til utbyggingsavtalar på jordbruksjord. Foto:  Bjarne Bekkeheien Aase
Olaf Gjedrem, leiar i jordvernforeininga i Rogaland, meiner Landbruket må ta sitt ansvar og takke nei til utbyggingsavtalar på jordbruksjord. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– På Nord-Jæren er det i dag eit ekstremt press på jordbruksjorda. Det viser seg at det i liten grad vert praktisert jordvern, uttaler leiar for Jordvernforeningen i Rogaland, Olaf Gjedrem.

Gjedrem meiner ein bør setje ei øvre grense for omdisponering av dyrka jord i Rogaland, på 300 dekar i året.

– I Rogaland er det omdisponert 12.000 dekar matjord dei siste ti åra, til andre føremål enn landbruk. Jæren står for det meste av omdisponeringa i fylket, med heile 78 prosent, uttalar Gjedrem i den formelle uttalen frå årsmøtet i Jordvernforeningen i Rogaland tysdag som var.

– Bøndene må ta sin del

– Landbruket sjølv må òg ta sin del av ansvaret og seie nei til utbyggingsavtalar på jordbruksjord, uttalar han.

Attåt dette vil Jordvernforeningen at opsjonsavtalar skal verte forbodne, og som eit minstekrav offentleggjorde.

Annonse

Gjedrem skriv at i «Matfylket Rogaland» med «Norges Matfat» er det viktig, og rett, å fokusere endå meir på eit sterkt jordvern. Rogaland fylke har særskilt gode føresetnader for god matproduksjon og har difor òg eit særskilt nasjonalt ansvar for matproduksjon.

Han trekkjer òg fram det nasjonale målet frå Stortinget, om ei grense på 4000 dekar omdisponert matjord i året innan 2020. Men han ønskjer ein nullvisjon.

– Jordvern handlar om haldningar. Å sikre matproduksjon for framtida er eit minst like viktig samfunnsomsyn som bustad, verksemds- og vegutbygging. Til sjuande og sist er det kommunepolitikarane som avgjer bruken av areala gjennom kommune- og reguleringsplanar, uttalar Gjedrem.

"Matjord er en knapp ressurs som ikke er fornybar. Jordvern bør derfor være overordnet i all framtidig arealforvaltning", står det i uttalen.

Uttalen er vedteken av årsmøtet i Jordvernforeningen i Rogaland 19. mars.

Olaf Gjedrem er tidlegare stortingsrepresentant for KrF, og har vore ordførar i Bjerkreim kommune i fleire periodar. Han har sitte som leiar i jordvernforeininga i Rogaland sidan 2016.

Neste artikkel

Fleirtal mot datasenter på matjord: – Folk ser galskapen