Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jobba for 64 kroner i timen: – Følte eg måtte takke ja

Utanlandske arbeidarar har jobba for 64 kroner i timen for Egge frukt og bær i Lier. Dei kom til Norge gjennom eit portugisisk firma.

Jordbærplukkarar på Egge gård i Lier. Foto: Gorm Kallestad / Scanpix
Jordbærplukkarar på Egge gård i Lier. Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Dei fleste er bangladeshiske statsborgarar som bur i Portugal, og jobbar for eit portugisisk firma. Egge Frukt og Bær har kjøpt tenester av dette firmaet, skriv VG.

Marius Egge, bonden som driv selskapet, seier han sa tydeleg ifrå at det portugisiske firmaet måtte følge norske lover og reglar, og ikkje visste om underbetalinga.

– Eg er glad for å få denne informasjonen no, eg har vore litt redd for dette. Eg hadde ein mistanke om at dette ikkje var heilt etter boka, seier Egge til VG.

Han seier han ikkje hadde mistanke om dette i starten av arbeidsforholdet, og snakka med advokaten sin før ho reiste på ferie.

– Eg sa vi burde få dobbeltsjekka dette, så ho tok tak i det då ho kom heim frå ferie. No skal vi sørge for å få oversendt bankkontoutskrifter av lønnskøyringa til firmaet, slik vi kan sjå at dei betalar ordentleg.

Egge understrekar at det ikkje er han som betalar arbeidarane, men firmaet i Portugal. Han seier at viss arbeidarane ikkje får betalt det dei skal, vil han betale det sjølv.

Regnskapstala frå Brønnøysundsregistra viser at Egge frukt og bær AS hadde eit underskot på 264.371 kroner i 2018.

– Følte eg måtte takke ja

Ein av mennene som har jobba på garden, seier han kjente til den norske minstelønna før han skreiv under på kontrakten, som gir om lag 6 euro i timen. Det utgjer 64 norske kroner i timen, den 10. september.

– Jobbane i Portugal forsvann med korona. Eg har ei familie å forsørgje, så eg følte eg måtte takke ja til kontrakten, seier han til VG.

Han reiste frå familien sin for å jobbe i Norge.

Det er totalt 45 arbeidarar frå firmaet, og fleire har gått til advokat Preben Askø ved Askø advokatfirma i Drammen for å få hjelp.

– Basert på det eg veit, verkar det som eit forsøk på å underbetale utanlandsk arbeidskraft. Ut frå dokumentasjonen vi har, ser det ut som om det er brot på tariffbestemmingar, arbeidsmiljølova og antakeleg også straffelova, seier Askø til avisa.

I slutten av august bad Askø gardseigaren om å rydde opp, og at han vil ta rettslege skritt på vegner av dei tilsette viss eigaren ikkje gjennomfører.

Han meiner gardseigaren er solidarisk ansvarleg for at dei tilsette får betalt som dei skal.

Visste ikkje om minstelønna

Selskapet som har tilsett arbeidarane heiter Carlos Teixeira Nogueira Unioessoal, og dei har ein representant på garden i Lier. Representanten, Rui Silva, bekreftar at dei tilsette får 6 euro i timen.

Dette trass i at Egge seier han har vore tydeleg på at norsk lovverk må følgast.

I slutten av august fekk fleire av dei tilsette brev om oppseiing, sjølv om kontraktane seier dei skal ha arbeid lenger. I brevet står det òg at ved å signere, aksepterer dei at all lønn er utbetalt og at firmaet ikkje skuldar dei pengar.

Advokaten til det portugisiske firmaet, Daniel Nogueira Teixeira, bekreftar at firmaet har bedt dei tilsette reise heim før kontrakten er over, og at dette skal vere på grunn av mangel på respekt for leiaren, manglande arbeidsvilje og ugrunna fråvær.

Neste artikkel

Kjøttbedriften Finsbråten legges ned