Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jerv på ferd i Sogn og Fjordane

Dei første meldingane om jervskadar i Sogn og Fjordane for i år kom i helga. Statens naturoppsyn trur det kan kome fleire tilfelle.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK
Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Det er oppdaga fire tilfelle av sau tekne av jerv i Sogn og Fjordane i helga, skriv avisa Firda. Dyra vart funne i Luster kommune på grensa til Oppland.

Avisa har vore i kontakt med Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn som fortel at det har vore yngling av jerv i Oppland ved grensa til Sogn og Fjordane. Difor kan ein i alle fall i dette området vente at det kjem fleire tilfelle.

Annonse

Det meste av jerven i Noreg held til i aust, men nokre streifar i blant vestover.

I førre veke vart ein jerv i Østerdalen felt etter å ha tatt sau i området.

(©NPK)

Neste artikkel

Har du sett gaupefamiliar?