Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jens Ulltveit-Moe ut mot naturvernarar i vindkraft-saka

Klima-investor Jens Ulltveit-Moe seier at naturvernarar som også er motstandarar av vindkraft i Noreg, prioriterer utsikta framfor kloden.

Jens Ulltveit-Moe. Foto: Siri Juell Rasmussen
Jens Ulltveit-Moe. Foto: Siri Juell Rasmussen

– Skit i verda, leve Noreg. Det er det dei står for, seier Ulltveit-Moe til Dagens Næringsliv.

Motstanden mot vindkraft aukar i Noreg. Partiet Raudt tok nyleg til orde for å stanse all utbygging. Førre veke gjekk fristen ut for å komme med synspunkt på Nasjonal ramme for vindkraft. Over 5.000 høyringssvar kom inn, i hovudsak negative tilbakemeldingar.

Annonse

– Det er naturleg med motstand i eit demokrati, men eg synest det er merkeleg at naturvernarar har så lita forståing for at vi må gjere alt vi kan for å redusere utslepp. Det aller viktigaste er å kutte kol, som forpestar kloden. Dette er nøkkelen for å redde naturen, seier Ulltveit-Moe.

Generalsekretær Maren Esmark i Naturvernforbundet seier at ho forstår kritikken frå investoren, men påpeikar at ho ikkje er imot all vindkraft, berre den som blir lagt til urørt natur. Ho seier ein må ha to tankar i hovudet samtidig, både natur og klima.

– Mange av dei utbygde vindkraftverka i Noreg er i konflikt med naturverdiar. Vi meiner dei heller burde vore lagt til industri- og hamneområde, seier ho.

Neste artikkel

SV opnar for kuvending om kutt på kjøtt: – Vi er ikkje gift med denne måten