Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Investering: Ida (36) går for gull og sølv

Koronapandemien har sett preg på verdsøkonomien, og gullprisane har aldri vore høgare. Kvifor kjøper nokon edle metall i økonomiske krisetider, og bør du gjere det same?

REKORD: I jula meldte Dagens Næringsliv at gull hadde slått alt frå eigedom til aksjar, da prisen nesten hadde femdobla seg på tjue år. Sidan har prisane halde fram med å stige, og er høgare enn nokosinne. Foto: Shutterstock
REKORD: I jula meldte Dagens Næringsliv at gull hadde slått alt frå eigedom til aksjar, da prisen nesten hadde femdobla seg på tjue år. Sidan har prisane halde fram med å stige, og er høgare enn nokosinne. Foto: Shutterstock

– Å investere i gull er faktisk ikkje så enkelt eller rett fram som ein trur, og det er ein av grunnane til at mange vel å ikkje gjere det, seier Robert Næss, investeringsdirektør i Nordea Investment Management.

– Tanken bak gull som investeringsobjekt er at det har ein fast verdi, som ikkje forsvinn over tid. På grunn av inflasjon, stig prisane på ting jamt, men medan til dømes ein mobiltelefon mistar verdi over tid, er gull verd det same. Derfor stig verdien på gull i takt med prisstiginga.

Ulike investeringar

Mens rikingane på film gjerne har safen full av gullbarrar, forklarer Næss at desse, om du så skulle ha råd til dei, ikkje er så lette å tene pengar på.

– Gullbarrar må du betale 25 prosent moms på, så det er eigentleg vanskeleg å tene på det. Derfor vel fleire å investere i myntar, der ein slepp momsen og betaler omtrent smelteprisen, forklarer han.

Investeringsdirektøren understrekar likevel at det finst fleire måtar å investere i gull på enn å kjøpe fysisk gull. Ein kan mellom anna kjøpe delar i såkalla ETF'ar, kort for Exchange Traded Funds.

– Det lettaste er å kjøpe eit verdipapir, ein såkalla ETF, som gir deg prisen på gull. Ulempa med fysisk gull er at det alltid vil vere ein risiko for at det kan bli stole. Ein EFT følgjer òg omtrent verdien av gullprisen over tid, sjølv om du betaler ein liten del til selskapet du har kjøpt han av.

Ida Vesterback (36) bestemde seg for eitt år sidan for å investere i edle metall, men valde å gjere det på ein tredje måte.

– Mange trur at gull og sølv er noko du kjøper og gøymer under madrassen. Heldigvis finst det mange stader der ein kan kjøpe fysisk gull og sølv, der dei forvaltar det for deg. Metalla blir tekne vare på i eigne, forsikra kvelv, fortel ho.

SØLV: Ida Vesterback (36) valde å setje meir pengar i sølv enn gull, da ho trur dette vil vere ei betre investering på sikt. Foto: Shutterstock
SØLV: Ida Vesterback (36) valde å setje meir pengar i sølv enn gull, da ho trur dette vil vere ei betre investering på sikt. Foto: Shutterstock

Ved å investere på denne måten, slår ikkje momsen inn før Vesterback eventuelt skulle ønske å hente det fysiske metallet ut frå kvelvet.

Gjekk for sølv

Sjølv valde Vesterback å plassere det meste av pengane sine i sølv.

– Eg kjøpte sølv først, før eg investerte i noko anna. Eg hadde nettopp vorte kjent med ein som er utdanna innan finans, og han meinte at sølv var ei betre investering, fortel 36-åringen.

– Eg bestemde meg for å lese meg opp på det før eg kjøpte noko, og jo meir eg las, desto meir overtydd vart eg. Gull- og sølvprisane var òg ganske låge då eg valde å investere, så det verka som eit bra tidspunkt å gjere det på.

Slik investerer du i gull

Investering i gull gjennom ETF:

ETF står for Exchange Traded Fund. Dette er fond ein kan handle på børsen. Fordelen her er at ein følgjer gullprisen ganske tett, og slik får avkasting så lenge prisen stig.

Investering i gull gjennom enkeltaksjar:

Ein kan òg kjøpe enkeltaksjar i selskap som vinn ut gull. Risikoen er at selskapet kan gå konkurs, og verdien blir ikkje berre styrt av gullprisen. Denne risikoen er ikkje til stades på same måte med ein ETF.

Investering i fysisk gull:

Du kan til dømes kjøpe gullbarrar, -myntar eller -smykke. Ein fordel er at dette er forholdsvis enkelt, og at du ikkje må setje deg inn i fonds- og aksjehandel for å kunne investere. Ei ulempe er at du må lagre det, noko som kan gi deg ein lagringskostnad. Verdien svingar i takt med gullprisen, så dette kan gå begge vegar. Ved kjøp av gullbarrar må du betale 25 prosent moms. Ved kjøp av smykke betaler du gjerne langt over gullprisen, då du òg betaler for handverket. Nokre stader kan du kjøpe fysisk gull som dei forvaltar for deg i eit eige kvelv. Her betaler du ikkje moms med mindre du vil hente ut gullet, og verdien stig når gullprisen gjer det.

Kjelder: aksjebloggen.com, fundingpartner.no, personligfinans.no

Annonse

Sjølv om Vesterback òg har investert litt både i gull og i aksjefond, trur ho at sølv har størst potensial.

– Ein set ofte prisane på gull og sølv opp mot kvarandre. Kor mykje sølv du treng for å kjøpe ei unse gull, heiter gull-/sølv-raten. På lang sikt stig gull- og sølvprisane ofte saman, slik at raten held seg nokolunde stabil, forklarer ho.

– Då eg kjøpte, hadde ikkje sølvprisane auka så mykje som gullprisane, og eg såg for meg at dei skulle ta igjen auken etter kvart. Derfor hadde eg inntrykk av at det ville bli ei betre investering.

Langsiktig

25. desember i fjor melde Dagens Næringsliv at investeringar i gull hadde slått alt frå eigedom til aksjar, då prisen nesten hadde femdobla seg på tjue år. 27. juli nådde gullprisen rekorden på 1.930 dollar per unse gull, noko som svarer til ein kilopris på over 640.000 kroner, og seinare har han halde fram med å stige.

SKEPTISK: Robert Næss, investeringsdirektør i Nordea Investment Management, anbefaler heller aksjar eller fond når folk gjer sine første investeringar. Foto: Nordea
SKEPTISK: Robert Næss, investeringsdirektør i Nordea Investment Management, anbefaler heller aksjar eller fond når folk gjer sine første investeringar. Foto: Nordea

Sjølv om gullprisane på lang sikt stig jamt, kan dei svinge ganske mykje i periodar, fortel Næss.

– Når folk vil investere i aksjar, seier vi gjerne at ein bør tenkje minst 10 år framover for å få avkasting. Du må gjerne tenkje minst like langt fram viss du investerer i gull, sidan prisane på kort sikt kan svinge betrakteleg, seier han.

Ida Vesterback forsikrar oss om at ho ser på gull og sølv som ei langsiktig investering, og at ho ikkje forventar å ta ut avkasting med det første.

– Eg vil ikkje selje det eg har før verdien i alle fall har dobla seg sidan eg kjøpte det, og eg aner jo ikkje kor lang tid det tek. Sidan det er ei langsiktig investering, er det veldig viktig å spare pengar òg. Eg har ein buffer på sparekonto i tilfelle noko skjer, som eg kan bruke på til dømes forskotsbetaling på leilegheit.

– Ikkje sikkert det held fram

Sjølv om Vesterbacks investeringar har hatt ein stor vekst det siste året, er ikkje investeringsdirektør Næss heilt overtydd. Sjølv tilrår han aksjar eller fond, heller enn gull og sølv, viss ein vil gjere den første investeringa si.

– Investerer du i aksjar, investerer du i eit selskap som kan skape verdiar, medan gull er ein gjenstand som rett og slett held ein viss verdi, seier han. Han avfeiar likevel ikkje konseptet heilt.

– Viss ein synest det er gøy å halde på med det, er det jo uansett ei investering du mest sannsynleg ikkje vil tape på på lang sikt. Men sjølv om prisane har stige veldig ei stund, er det ikkje noko som tilseier at dei kjem til å gjere det framover.

No som prisane har nådd nye høgder, har Ida Vesterback valt å sitje stille i båten framfor å kjøpe meir.

– Eg vil nok vurdere det dersom prisane søkk igjen, men for augneblinken er det berre spennande å halde på det eg har og følgje med på utviklinga, fortel ho.

– Det er kanskje ikkje den vanlegaste måten å investere på, men eg er veldig glad eg gjorde det. Det einaste eg eigentleg angrar på, er at eg ikkje kjøpte meir, avsluttar ho.

Neste artikkel

Gjødselsmell rammar hardt: - Går nesten i minus med korn