Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ingen vil bli prest i Lom stavkyrkje

To gonger har Hamar bispedømme lyst ut stillinga som prest i Lom, men utan at nokon har søkt jobben i stavkyrkja.

Ingen søkarar har meldt seg til den ledige prestestillinga i stavkyrkja i Lom. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Stavkyrkja i Lom er frå slutten av 1100-talet og ein populær turistattraksjon i Gudbrandsdalen. Rundt 40.000 er kvart år innom for å sjå kyrkja, som er ei av dei største stavkyrkjene i landet. Kyrkja ser likevel ikkje ut til å ha den same tiltrekkingskrafta på prestar.

Annonse

– Vi arbeider med ei løysing der vi kan tilsetje ein vikar i ein periode på eit halvt år om gongen. Men vi håper òg på å finne ei meir langsiktig ordning, seier prost Birgitte Bentzerød i Nord-Gudbrandsdal prosti til Gudbrandsdølen Dagningen.

Stillinga er ledig etter Einar Gelius, som no har byrja i ny prestestilling på Lillehammer.

Neste artikkel

Ingen alvorlige hendelser på Vestlandet tross uvær