Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

I går starta jakta på kråke

15. juli var startdato for jakt på kråke. – Heilt unødvendig, seier Norsk ornitologisk foreining.

Kråka finst over heile landet, og kan jaktast på frå 15. juli. Foto: Geir Olsen, NTB scanpix
Kråka finst over heile landet, og kan jaktast på frå 15. juli. Foto: Geir Olsen, NTB scanpix

– Kråka er uglesett, seier Michael Fredriksen, styreleiar i Norsk ornitologisk foreining, som er ein frivillig naturvernorganisasjon med hovudvekt på fuglar og vern av fuglar.

– Det finst ikkje talmateriale som provar at talet på kråker har auka. Bestanden er god, men det som gjer at folk trur det har blitt fleire kråker, er fordi dei bur ved plassar kråkene samlar seg, seier han.

For når det ikkje er hekketid, har kråkene faste plassar dei samlar seg.

– Vi er ikkje motstandarar av all jakt på fuglar, så lenge det er nytte i jakta, seier Fredriksen.

Men å seie at ein jaktar kråke for å redusere bestanden, er ikkje argument godt nok, meiner han.

Annonse

– Vi ser det er omfattande jakt på kråker i enkelte område og i enkelte jegermiljø. Men vi ser ikkje behov for ein slik regulering av bestanden. Tilgangen på mat vil naturleg regulere kråkebestanden, seier Fredriksen.

Han fortel at kråke kan ta egg og ungar og slik true hekkinga til andre fugleartar dersom bestanden er stor.

– Men det er ein del av det naturlege kretsløpet.

heimesidene til Norges jeger- og fiskarforbund kan vi lese at lokkejakt er den mest effektive måten å jakte kråke på. Då sit jegeren i skjul, gjerne med ein plasthubro plassert i nærleiken. Med spesielle fløyter imiterer jegeren kråkelydar, og lokkar kråkene til seg.

Neste artikkel

Politimann skjøt elg 20 ganger med tjenestevåpenet – får kritikk