Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

I år går landsskyttarstemna av stabelen på heimebanane

Etter koronaavlysing på Elverum arrangerer Det friviljuge skyttarvesen (DFS) heller heime-landskyttarstemne hjå kvart enkelt skyttarlag.

Bildet er frå Landsskyttarstemnet på Evjemoen i 2019. Foto: Mariann Tvete
Bildet er frå Landsskyttarstemnet på Evjemoen i 2019. Foto: Mariann Tvete

I perioden 1.–11. august har alle landets 830 skyttarlag å arrangere heimebanekonkurransar. Målet er at det skal bli like mange deltakarar som eit normalt Landsskyttarstemne (LS) ville fått.

Det skriv DFS i ei pressemelding.

– Ideen om eit såkalla «Heime-LS» blei planta då me forsiktig kunne opne opp for trening og konkurransar på skytebanane våre i juni. Dette gjer me for å få i gang kjerneaktiviteten i landets skyttarlag, seier kommunikasjonssjef Terje Vestvik i DFS.

Viss stemnet skal måle seg med eit vanleg LS må det vera med om lag 5000 deltakarar mellom 10 og 90 år. Det har DFS trua på.

Annonse

Ingen konge eller dronning

Vestvik fortel om overveldande respons på planane.

– Mange skyttarlag planlegg sosiale samkomer i tillegg til skytinga, slik som på eit vanleg LS. Gjennomføringane blir sjølvsagt tilpassa smittevernopplegg i samsvar med våre eigne og Folkehelseinstituttet sine tilrådingar, seier Vestvik.

Dette skal vera eit gratis lågterskeltilbod, der det vil vera uttrekkspremiering. Det blir ikkje kåra nokon skyttarkonge eller skyttardronning som ved eit vanleg stemne.

Den beste skyttaren samanlagt får tilbod om plass i programmet «Skytternes mestermøte» som skal sendast direkte på NRK 13. august.

Neste artikkel

Mange bønder må høste døgnet rundt: Fylkesmannen oppfordrer til gjensidig respekt