Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hyttevert dømd for ulovleg villreinjakt på Hardangervidda

Ein mann er i Hardanger tingrett dømd til 25 dagars fengsel på vilkår for å ha skote fem villreinar og partert dei på ei hytte som høyrer til Den Norske Turistforening.

Ein mann er i Hardanger tingrett dømd til 25 dagars fengsel på vilkår for å ha skote fem villrein og partert dei på ei DNT-hytte. Arkivfoto: Helge Hansen / NTB scanpix/ NPK
Ein mann er i Hardanger tingrett dømd til 25 dagars fengsel på vilkår for å ha skote fem villrein og partert dei på ei DNT-hytte. Arkivfoto: Helge Hansen / NTB scanpix/ NPK

Mannen i 50-åra, som var vert på hytta på Hardangervidda, hadde ikkje gyldig jaktkort, men felte likevel dyra i august 2018, melder NRK.

Nokre dagar seinare vart han tatt på fersken då politiet og Statens naturoppsyn fann 250 kilo kjøtt på DNT-hytta. I tillegg til fengselsstraffa, vart han dømd til 25.000 kroner i bot og tap av jaktretten i fire år.

Annonse

Jan Erik Reiten, som er eigedomssjef i DNT Oslo og Omegn, seier det er for tidleg å seia kva konsekvensar dommen får for mannens vidare vyrke som hyttevert. Han opplyser at DNT ikkje har vore borti tilsvarande saker tidlegare, og at dei treng tid til å vurdera kva dei skal gjera.

Det parterte kjøtet vart frose ned og var ifølgje tiltalen gjort klart til uttransportering.

Mannen seier til NRK at han er usamd i dommen.

– Eg synest straffa samla sett er for streng. Likevel ønskjer eg å bli ferdig med saka og vil derfor ikkje anka, opplyser han.

Politiadvokat Trygve Ritland i Vest politidistrikt la ned påstand om 60 dagars fengsel. Han seier at påtalemakta vurderer å anka dommen fordi dei meiner straffa er for låg.

Neste artikkel

Mange reinsdyr døyr av menneskeskapt sjukdom