Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hytteeigarar i Oslo-området køyrde til hytta nesten éin million gonger i fjor

Etter mykje snakk om flyskam vender blikket seg no mot utsleppa nordmenn står for ved at ni av ti vel bilen når dei skal på hytta.

Det blir tett trafikk på dei store utfartsvegane ut av Oslo før helger og feriar, for vi likar å køyre sjølv når vi skal på hytta. Illustrasjonsfoto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix / NPK
Det blir tett trafikk på dei store utfartsvegane ut av Oslo før helger og feriar, for vi likar å køyre sjølv når vi skal på hytta. Illustrasjonsfoto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix / NPK

Førebelse utrekningar frå Transportøkonomisk institutt (TØI) på oppdrag for Akershus fylkeskommune viser at det vart gjort rundt 865.000 bilreiser tur-retur til hytter av folk i Oslo-området i 2018. I tillegg kjem besøk til hytter personar i dette området har lånt, ifølgje Dagsavisen.

Utrekningane er baserte på ei undersøking frå Norstat i oktober og november i fjor, der 1.200 hytteeigarar busette i Oslo, Asker, Bærum, Drammen, Lier, Røyken, Ski, Ås, Oppegård, Nesodden, Frogn, Skedsmo, Lørenskog og Nittedal har svart. Det finst ikkje tal for heile landet.

TØI-forskar Eivind Farstad seier hytteturane heilt klart medfører utslepp av klimagassar, fordi det er lite bruk av elbil til hyttene så langt, og kollektivtilbodet er ganske avgrensa. Mellom 90 og 100 prosent vel bilen.

Annonse

– Noko av problemet er at hytteeigarane vil ha eit fleksibelt avreisetidspunkt, dei skal ha med seg bagasje, handle undervegs og kanskje òg plukke opp personar fleire stader på veg til hytta, seier Farstad.

Det er ikkje berekna kor stor klimabelastninga er, men Farstad viser til ei nasjonal undersøking om fritidsbustader med data frå 2008. Éin tredel hadde då inntil 50 kilometer reiseveg til fritidsbustaden, éin tredel hadde mellom 51 og 150 kilometer reiseveg, medan den siste tredelen hadde minst 151 kilometer reiseveg fram til hytta.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) si oversikt over bygningsmasse er det 434.809 hytter og sommarhus i Noreg i 2019.

Vegtrafikken i 2018 utgjorde elles nesten ein femdel av dei samla norske utsleppa av klimagassar.

Neste artikkel

Nytt utvalg for økt rekruttering til mat- og måltidsbransjen