Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hydrogen kan konkurrera med diesel på mjølkerute

Eit forprosjekt viser at hydrogen kan konkurrera med diesel når Tine skal frakta mjølk mellom meieria i Rogaland og Sogn og Fjordane.

Ein tankbil frå Tine på veg over Strynefjellet i Sogn og Fjordane.Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

Ein rapport frå rådgivingsselskapet Greensight konkluderer med at hydrogen kan konkurrera med diesel dersom ein reknar med utgifter til bompengar- og ferjebillettar.

Vidare viser rapporten at god tilgang på straum frå småkraftanlegg på Byrkjelo gjer at det kan produserast hydrogen der. Greensight peikar også på at det er mogleg å spara store summar i nettleige ved å henta straum direkte frå småkraftverk.

Rapporten er del av eit forprosjektet i samarbeid med Tine, Byrkjelo Kraft, Sogn og Fjordane Energi, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Annonse

Bakgrunnen for arbeidet er at Tine har reservert av to hydrogendrivne lastebilar frå den amerikanske lastebilprodusenten Nikola Motor. Planen er å bruka dei på den 1.000 kilometer lange turen langs E39 mellom meieria på Byrkjelo og Jæren.

Med hydrogen som drivstoff kan dei køyre utsleppsfritt, dersom det er produsert med fornybar energi, og køyretøya har lengre rekkevidde enn reine batteri-elektriske variantar, der batteripakkene førebels er for tunge for dei lengste distansane.

©NPK

Neste artikkel

Full bompengesplid mellom Venstre og Frp truer regjeringen