Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hummar til 899 kroner i Stavanger

I Stavanger må ein ut med 899 kroner per kilo for hummar. Hobbyfiskarar merkar den rekordlåge bestanden.

Fiskarar har merka den rekordlåge bestanden av hummar. No må kundane ut med 899 kroner per kilo. Arkivfoto: Lennart Nygren / NTB scanpix

Eileiv Kloster er pensjonert yrkesfiskar og har henta hummar frå Jøsenfjorden i Rogaland i fleire år, skriv Stavanger Aftenblad. I år har han fått åtte stykke på 73 teiner over tre netter, medan han tidlegare har fått opp mot 125 på ei natt.

Annonse

– Eg hadde teinene på det eg hadde rekna som dei beste plassane, men resultatet var skuffande, seier Kloster.

Dagleg leiar på Fisketorget i Stavanger, Lars-Erik Lunde Kristiansen, seier prisen har gått opp med 10 til 15 prosent sidan i fjor. Kundane må no ut med 899 kroner for ein kilo ukokt hummar.

– Vi får framleis tak i hummar, men prisen er veldig høg, seier han. På grunn av høg pris tek han inn færre humrar enn vanleg.

Neste artikkel

Borten Moe blir plattformsjef på Draugen