Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hotella førebur seg på ein sommar utan utanlandske turistar

Med håp om ferierande nordmenn og tilpassing til nye smitteverntiltak førebur hotella rundt om i landet seg på ein usikker sommar. For mange er store inntektstap det einaste som er sikkert i år.

Kviknes Hotel i Balestrand førebur seg no på ta i mot nordmenn i sommar. Foto: Kviknes Hotel
Kviknes Hotel i Balestrand førebur seg no på ta i mot nordmenn i sommar. Foto: Kviknes Hotel

Eit bortfall av minst 60 prosent av gjestene og strenge smitteverntiltak er det Sigurd Kvikne, hotellsjef ved Kviknes Hotel i Balestrand, ventar seg i sommar.

13. mars måtte Kviknes Hotel stengje dørene som følgje av koronapandemien.

– Alle kundane avbestilte eller flytta på arrangementa sine. Det blei bråstopp, og dei fleste tilsette vart permitterte, fortel Kvikne til Nynorsk pressekontor.

– Eit stort spørsmålsteikn

Det tradisjonsrike hotellet kan vanlegvis ta i mot 350 gjester. Mange utanlandske turistar lèt seg freiste av kombinasjonen Sognefjorden og fjell. No håpar hotellsjefen at norske turistar gjer det same.

– For oss er det eit stort spørsmålsteikn korleis det blir utover sommaren, men det som er sikkert er vel at det ikkje blir nokon utanlandske gjester. Då er det den norske feriemarknaden som står igjen.

Usikkert med tilsette

Normalt kjem også mange av sesongarbeidarane på hotellet frå land utanfor Noreg. Det var like før dei skulle komme, då koronatiltaka sette inn.

– Vi har vanlegvis rundt 60 sesongtilsette, som no ikkje kjem. Vi var akkurat i tide med å stengje før dei skulle ha kome til Noreg for å byrje å arbeide.

Når hotellet no opnar må Kvikne sjå an kor mange bestillingar hotellet får, før dei kan ta tilsette tilbake i arbeid.

– Vi skal først ta inn dei heilårstilsette som vi har permittert. Og så vil vi ta inn fleire tilsette etter kvart som vi ser utviklinga. Men det byrjar å komme inn fleire bestillingar no, og det verkar som nordmenn byrjar å tenkje meir på kva dei kan gjere i sommarferien.

Smittevern er førsteprioritet

– Kva har situasjonen å seie for økonomien til hotellet?

– Det er klart det er dramatisk når 60 prosent av inntektene fell vekk, då seier det seg sjølv at det er veldig alvorleg. Men vi har ein god dialog med banken, og vi har jobba med dei støtteordningane og statsgarantiane som er, så vi skal klare oss til neste sommar.

Annonse

Med hotellopning 4. juni, kjem også nye reglar om smittevern å ta omsyn til.

– Smittevern blir prioritert nummer ein no, understrekar Kvikne.

Ein månad om gongen

Ved Hotel Union i verdsarvbygda Geiranger, har hotellet vore ope også etter at dei strenge koronatiltaka vart innførte.

– Det har vore ope for folk som har vore på heilt nødvendige fritidsreiser eller jobb, seier Sindre Mjelva, eigar av Hotel Union til Nynorsk pressekontor.

Dei ser fram til å ta i mot nordmenn i sommar og seier dei allereie har fått fleire bestillingar. Han trur dette kan vere ein unik sjanse for nordmenn til å oppleve Geiranger med langt mindre turistar enn normalt. Likevel går hotellet, som normalt har mellom 70 til 80 prosent utanlandske turistar, mot enorme tap.

– Vi skulle hatt vår beste sesong og låg an til 90 millionar i omsetjing. No strevar vi med å klare å tenkje så mykje lengre enn ein månad om gongen.

Kryss-jobbing

Hotelleigaren fortel at sidan det framleis er veldig usikkert kor mange gjester dei får, er dei tilsette ved hotellet nøydde til å kryss-jobbe, som han kallar det.

– Det vil seie at ho som masserer, også må kunne reie opp senger, og dei som vaskar romma, også må kunne servere i restauranten. Dette er for å ha mest mogleg arbeid til dei tilsette, og sleppe å ta inn andre når ting er så usikkert som no, seier Mjelva.

Hotelleigaren førebur seg no på ei roleg opning av hotellet, der dei først og fremst skal gjere seg kjende med korleis det fungerer med smitteverntiltaka.

– Vi er eit stort hotell, så når vi først fyrer opp, så kostar det mykje. Då må vi vite at ting fungerer. Fokuset blir no på å gjere det best mogleg for dei gjestene som kjem.

Viktig for bygda

Og i ei lita bygd der store delar av dei under 300 fastbuande arbeider med turisme, er hotellsjefen klar på at dette ikkje berre er tøffe tider for hotellet, men også heile bygda.

– Vi tek risikoen med å halde ope, men vi veit ikkje kor lenge vi kjem til å tore det. Vi er ei hjørnesteinsbedrift i ei lita bygd, då det nesten like viktig å halde hotellet ope for det psykososiale miljøet i bygda.

(©NPK)

Neste artikkel

Arla sender hjem 1500 ansatte