Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høie vil ikkje sjå bort frå statleg luftambulanse

Helseminister Bent Høie (H) vil vente på dommen frå ekspertane, men han vil ikkje sjå bort frå statleg overtaking av luftambulansen.

Helseminister Bent Høie (H). Foto: Siri Juell Rasmussen
Helseminister Bent Høie (H). Foto: Siri Juell Rasmussen

I eit intervju med VG seier arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre at han vil starte arbeidet med statleg overtaking av luftambulansetenesta viss han kjem i regjering.

Det overraskar helseministeren.

– Vi har sett ned ei eiga ekspertgruppe som skal vurdere kva som er det mest formålstenlege driftsforma for tenesta. Eg er veldig overraska over at arbeidarpartileiaren her vel å førehandsprosedere før han får ekspertråd, seier Høie til NTB.

Annonse

– Det er veldig spesielt med tanke på at Arbeidarpartiet tidlegare var pådrivar for ei slik ekspertgruppe. Det er tydeleg at dei ikkje har interesse av å lytte til kva dei meiner, seier han.

Høie vil likevel ikkje sjå bort frå at statleg overtaking til slutt kan bli svaret.

– Eg ser ikkje bort frå noko. Det er derfor vi har sett ned ei ekspertgruppe. Men eg trur det er lurt å vente på rådet i ekspertgruppa før vi tar den diskusjonen, seier han.

(©NPK)

Neste artikkel

Fortsatt uavklart rundt mulig salg av Norges største kornsilo