Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høge energiprisar skaper vanskeleg økonomi for kyllingbønder

Fleire bønder seier at dei no må betale mest dobbelt så mykje for å varme opp kyllinghusa sine.

For å halde nok varme i fjøsa krev kyllingproduksjon mykje energi, særleg på vinteren. Foto: Dyrevernalliansen
For å halde nok varme i fjøsa krev kyllingproduksjon mykje energi, særleg på vinteren. Foto: Dyrevernalliansen

Bonden Geir Lauvvik seier til Nettavisen at han i 2020 betalte 160.000 kroner for å varme opp fjøset sitt fram til seinsumaren det året. I 2021 har det kosta han 260.000 kroner å varme opp fjøset til kyllingane sine i same tidsrom.

– Vi kjenner på kroppen at energikostnaden pressar på økonomien. Eg kunne tenkt meg meir forståing. Det er fleire som lid under høge energiprisar, seier han.

Tiltaka regjeringa kom med i desember for å dempe konsekvensane av den rekordhøge straumprisen, omfattar i all hovudsak private husstandar. Lauvvik opplever ikkje at dei politiske tiltaka for å få bukt med dei høge straumprisane treffer alle som treng hjelp.

Lauvvik skulle ønskje politikarane hadde fokusert meir på næringar som vert kraftig påverka av prisauken. Energikrevjande næringar har i liten grad fått kompensasjon for meirkostnaden den dyre straumen har ført med seg.

Innan landbruket har berre veksthusnæringa fått høve til å søkje om delvis kompensasjon for prisauken.

– Regjeringa har gjort litt for enkeltforbrukarane, men det er mange næringar som slit. Det går utover løna vi sit igjen med til slutt, avsluttar han.

Kyllingbonden Kjell Ingar Bø frå Jæren meiner også at regjeringa sine straumtiltak ikkje strekkjer til:

– Dei slår ikkje ut for oss. Vi får ikkje glede av dei, seier Bø til Nettavisen.

Neste artikkel

Lover økt strømstøtte tidligere og vurderer begrensninger i eksporten